God natt, sov godt, me spyler røyra imens!
Jan Roar Grutle og Trond Åsmund Sandnes har rigga alt klart for pigging, ventar berre på at dei to i andre enden skal stenga av alle forgreiningar og gjera klar til å kjøra piggane gjennom. Det er mørkt, klokka har passert 23.00 og dei fleste av oss er på veg i seng. - Det skin eit lys i mørkret ein stad på Svortland, og me skimtar ei kvit vogn med open dør. I det me kjem bort ser me to BVA-karar i sving inni og utanfor vogna. — Drikkevatnet som går gjennom røyrane våre er reint. Likevel avleirar det seg…