Ikkje vatn – kva gjer eg

KVIFOR KJEM DET IKKJE VATN NÅR EG SKRUR PÅ KRANEN?

Når du opplever at det ikkje kjem vatn i kranen kan det ha fleire årsaker. Det kan vera lurt å sjekka lista under som ein start.

Er hovudkranen open?

Alle hus har ein hovudkrane i nærleiken av der vatnet kjem inn i huset. Den kan stengast, og det kan vera lurt å ta ein sjekk på om han av ein eller annan grunn er stengt.

Kan det vera ein lekkasjestoppar i huset mitt?

Dersom du bur i eit nytt hus kan det vera ein lekkasje eller at det er kome vatn på golvet og at vass-stopp-systemet har stengt av vatnet. Vass-stopp-system er ein fuktfølar som gir signal til ein ventil/magnetventil som stenger vasstilførselen når han mottar signal. Lekkasjestopparar er påbode i nye bustader og næringsbygg, så dersom huset ditt er bygd etter byggtekniske forskrifter frå 2010 (TEK17) kan du rekna med at du har vass-stopp knytt til utstyr med vatn i rom som ikkje har sluk i golvet – for eksempel kjøkkenet.

Har naboen vatn?

Når feilen ligg innanfor eigedommen eller i huset ditt og du ikkje finn ut av det sjølv, er den lokale røyrleggjaren den du bør ta kontakt med. Fagfolk veit som regel kvar feilane pleier å liggja og du kan raskt få orden på vatnet ditt.

Er det meldt vass-stenging hos BVA?

Det ser kjapt på «driftsmeldingar» under siste nytt på www.bva.no

Leidningsbrot i nabolaget?

Dersom det er leidningsbrot vil det ta litt tid før det kjem på nettsida, då prioriterer me utsending av sms til abonnentane. – Kontaktinformasjonen som me brukar blir hentet fra Kontakt- og reservasjonsregisteret til Difi. Sjekk også våre nettsider under «VARSLING».

BVA har døgnvakt og overvaker heile tida status på vassforsyninga i nettet vårt. Skulle det bli lekkasjar og brot på leidningar vil det gå alarmar hos dei som er på vakt. Det blir sett i verk varsling og tiltak for å bøta på feilen så snart det er mogleg, tryggleiken til kundane våre er første prioritet  for oss.

Dersom du ikkje finn ut av det kan du ringa vår vakttelefon:  53 42 88 45