Røyrleggjarmelding

Røyrleggjarmelding – elektronisk løysing frå 1.11.21

Alt arbeid som kan påverke offentleg leidningsnett, som nye tilknytingar eller bygging i nærheita av offentleg leidningsnett, må ein søkja om arbeid som skal verte utført.

Røyrleggarar skal bruke løysinga til det innvendige arbeidet, for registrering av utstyr og tidspunkt for driftssetting av anlegget. Røyrleggjarmelding må vera sendt inn før BVA gir ferdigmelding.

For å gjere denne flyten i saksgangen lettare vil Bømlo Vatn og Avløp frå 1.11.21 ta i bruk ei ny elektronisk løysing for alle entreprenørar som skal gjera slikt søknadspliktig arbeid. Den elektroniske løysinga heiter Volue (tidlegare Powel) Entreprenørportal.

For å få tilgang til portalen må ein opprette ein egen Entreprenørportal bruker.

Benytt denne registreringssida;

https://tenantmanager.onpowel.com/Registration

Har du brukt løysinga er i andre kommunar kan du bruke same innlogging. Ein må då be om tilgang til Bømlo Vatn og Avløp. Inne i portalen kan ein opprette fleire brukarar i same bedrift.

Ved spørsmål til løysinga kan ein kontakte BVA på tlf.: 53 42 88 40 eller post@bva.no