Vassmålar

Vassmålar

Alle abonnentar kan montera vassmålar om ein vil. Ved å installere vassmålar betalar ein for faktisk bruk av vatn i staden for arealberekning. Den faste delen av gebyret (abonnementsgebyret) vil fortsatt vera det samme, men den variable delen vil altså gå ut i frå det aktuelle forbruket. Informasjon om årsgebyr for målt kvantum finn du under gebyr-regulativet.

Anskaffelse

Dersom du ynskjer å installere vassmålar må du kontakte ein autorisert røyrleggjar. Røyrleggjaren får utdelt vassmålar hos BVA, etter søknad i Entreprenørportalen og fullfører prosessen her etter montering. Kostnaden med installasjonen må abonnenten dekka sjølv. Vassmålaren eiges av BVA så i tillegg til det vanlege gebyret kjem det ei årleg leige (sjå gebyrregulativet for pris)

Avlesing

Vassmålarabonnentar betalar gebyr etter ein akonto-ordning med avlesing ein gong i året. Ved slutten av året får ein tilsendt ein sms eller eit avlesingskort og målaren må lesast av. Det faktiske forbruket vert då registrert og dette gir grunnlag for akontoen for neste år. Resultatet rapporteras til BVA på internett, e-post eller post. Ved feil eller manglande innsending av målarstand kan forbruket stipuleras.

Generelt

Den økonomiske fordelen med å installere vassmålar er avhengig av vassforbruk og bustadstorleik. Dersom du har eit stort hus og lite vassforbruk/få personar i husstanden kan det svare seg økonomisk. Det er viktig for alle å unngå kranar som dryp, rennande toalett eller lekkasjar i huset. Når ein har vassmålar er det særleg viktig å passe på, hugs at alt vatn som går gjennom målaren din må betalast for, og små lekkasjar kan bli betydelege summar i løpet av eit år.