Vassproduksjon og distribusjon

Vassproduksjonsanlegg
Vassproduksjonsanlegget i Åreiddalen

Tre vassreinseanlegg og 11 høgdebasseng

Bømlo Vatn og Avløpsselskap har tre vassreinseanlegg: Hollundsvatnet, Vorland og Åreid. Der vert vatnet handsama slik at det skal vera trygt å drikke når det kjem ut til våre abonnentar. Ein skulle kanskje tru at vatnet som kjem frå drikkevasskjeldene våre er godt nok. Av ulike årsaker må det likevel handsamast for å oppfylle lover og forskrifter, og sjå ut og smaka slik godt vatn skal. Reinseprosessen i desse tre anlegga består av felling, karbonatisering i tre filter (den såkalla moldeprosessen) og til sist desinfisering med UV-lys.

Når vatnet er produsert blir det pumpa ut i leidningsnettet, ein del av det går via eitt av dei elleve høgdebassenga i kommunen. Det er til saman rundt 400.000 meter vassleidningar i BVA sitt system, ei mengd kummer, koplingspunkt og pumpestasjonar for å få det heile til å fungere. Dette skal haldast forskriftsmessig i stand til ei kvar tid, og ikkje minst fungera heile tida.