Innlegg:

Vatn og avløp i ei krisetid

– Me i Bømlo Vatn- og Avløps­selskap arbeider heile tida for å sikre Bømlosamfunnet dei kritiske samfunnstenestene som vatn og avløp er, seier dagleg leiar Audun Halleraker.

– Slik er det også i forhold til krisa Korona­viruset har gjeve oss, fortel Halleraker vidare. – Krisa endrar seg veke for veke, og tiltaka frå styresmaktene og situasjonen i samfunns- og arbeidsliv likeeins, så ting kan ha endra seg noko etter redaksjonen av Friskt blei avslutta, seier Halleraker.

Særlege interne tiltak
Allereie 12. mars sette me i gong særlege smittehindrande tiltak for å forebygga mannskapsmangel. Med 19 tilsette har alle sine oppgåver og skulle mange bli borte frå jobb på ein gong ville det bli utfordrande å halda hjula i gong over tid. Me har til dømes splitta arbeidslaga med ulike oppmøteplassar og dei administrative tilsette jobbar delvis frå heimekontor. Me har ikkje felles fysiske møter eller matpausar. Også hos oss er det blitt skjerm-møter for å planlegga, drøfta og rapportera frå drifta.

Tiltak ut mot publikum
– Me er svært glade for den gode kontakten me får ha med våre kundar i resepsjonen på BVA til vanleg. Men for å minska risiko for smitte har me mellombels måtta stengt denne servicen for publikum, seier kontorleiar Jorunn A. Habbestad. – Men dei som har spørsmål eller treng noko frå oss er hjarteleg velkomne til å ta kontakt, på telefon eller via andre kanalar. Me svarer så snart og så godt me kan!

Ekstra HMS?
– Er det slik at de no må nytta ekstra verneustyr eller ha andre rutinar i forhold til HMS?
– Det me arbeidar med i BVA til dagleg er i høg grad omfatta hygiene- og HMS-tiltak, seier driftsleiar Jarle Andreassen. – Me nyttar difor normalt verneutstyr, men me har intensivert ein del rutinar, t.d. med oftare reinhald ute og inne for å vera ekstra føre var i denne tida.

Lokale bedrifter del av beredskapen
– Me omgir oss med mange dyktige, lokale leverandørar som me no nyttar som ein del av vår utvida beredskap. Me har gjort avtalar om bruk av mannskap og utstyr dersom det skulle skje uføresette ting, entreprenørar, serviceselskap og elektrikarbedrifter. Me har inne folk som no blir lært opp i våre system for å kunne ta over om nokon internt skulle bli borte frå jobb. Dette gjeld også administrative funksjonar som må fungera parallelt med dei operative.

Fullskala læring
– Me gler oss sjølvsagt til krisa er over og me kan oppheva alle ekstraordinære tiltak. Så gjer me oss heilt sikkert erfaringar i denne tida som me kan læra av og bygga enno betre beredskapsrutiner på. Dette er på ein måte fullskala læring som det er viktig å læra av, sluttar Audun Halleraker.

Related Posts