Innlegg:

Rubbestadneset, Innvær og Ekornsæter – område med drikkeforbud – Oppheving

Oppheva drikkeforbod – friskmelding av drikkevatn

BVA har analysert drikkevatnet etter dei krava som ligg føre i drikkevassforskrifta. Alle prøvesvara er no komne, og prøveresultata er innanfor gjeldande grenseverdiar. Prøveresultata viser at vatnet oppfyller krava til trygt drikkevatn. Det er ikkje påvist bakteriar, tungmetall eller andre kjemiske stoff i konsentrasjonar som kan gje helsefare.

Kommuneoverlegen vurderer at vatnet ikkje lenger utgjer verken akutt eller langsiktig helserisiko. Dersom hendinga hadde ført til akutt sjukdom, ville ein ha venta å sjå teikn til dette kort tid etter at vatnet vart drukke. På bakgrunn av prøveresultata er det heller ikkje grunn til å vente seinare helseplager knytte til denne hendinga.

LOS Marine, Wärtsilä og Bømlo kommune v/kommuneoverlegen, med fleire, har i dag vore samla hos BVA for å avklare vidare oppfølging etter hendinga laurdag 15.08.

Førebels kan det sjå ut som hendinga har samanheng med teknisk svikt i flytedokken til LOS Marine, som er knytt til vassystemet på industriområdet til Wärtsilä i Rubbestadneset og andre eigedomar, og vidare inn på vassnettet. Granskinga skal også sjå nærare på om organisatoriske og tekniske sikkerheitsbarrierar har fungert slik dei skulle hos alle partar.

LOS Marine, Wärtsilä og BVA har i tillegg sett i verk strakstiltak på kvar sine område for å overvake situasjonen og fysisk hindre at sjøvatn no kan kome inn på vassnettet. Det har vore god dialog og godt samarbeid mellom verksemdene, BVA og kommunen gjennom heile hendinga. Det er semje om at vidare gransking skal samordnast mellom partane, slik at ein i fellesskap kan sikre gode og robuste tiltak for å hindre at tilsvarande hending skjer igjen.

20.08.2026

Karl-Henrik Kongshavn              Anne Berit S Halvorsen              Arne Bjelland

LOS Marine                                      Kommuneoverlege                      BVA

__________

Kommuneoverlege sine anbefalingar angåande drikkevatn og helsekonsekvensar

Vi har ikkje fått alle analysesvara enno, og difor kan vi ikkje gi eit endeleg svar på kva vatnet kan innehalde og moglege konsekvensar. Det er nettopp dette prøvetakinga skal avklare og som er årsaka til at drikkeforbodet framleis gjeld.

Det er analysert for ei rekkje parametre, mellom anna bakteriar, salter, metaller og andre kjemiske stoff. Desse parameterane er valde ut med bakgrunn i krava i drikkevassforskrifta og faglege vurderingar frå Folkehelseinstituttet. Dersom nokre av prøvane viser avvikande verdiar, vil vi gjere konkrete vurderingar av eventuell helserisiko knytt til dei aktuelle stoffa.

Første fase av hendinga var å vurdere den akutte risikoen knytt til saltinnhald. Denne risikoen vurderer vi som tidlegare formidla er over. Etter at tilførselen av sjøvatn vart stansa og leidningsnettet vart gjennomspylt, er det venta at saltinnhaldet i vatnet no er svært lågt. Det gjekk laurdag ut ein sms til råka abonnentar at personar med «nyoppståtte sjukdomsteikn» burde kontakte legevakt. Eventuelle sjukdomsteikn kunne vere diffuse og varierte, og ei oppramsing av ulike sjukdomsteikn frykta vi ville hindre personar med utypiske symptom å ta kontakt. Legevakt var informert om å vurdere dei som tok kontakt med sine symptom opp mot mengde innteke vatn. Det var gjort berekningar ved hjelp av FHI på kor mykje salt som ville vere skadeleg for menneske. Det er ikkje rapportert sjukdomstilfelle knytte til hendinga.

No er det fase to av hendinga. I denne veit vi ikkje kva vatnet inneheld, og vi kan difor ikkje seie noko om kva sjukdommar og teikn ein skal vere obs på. Det å unngå å innta vatnet vil vere det som hindrar eventuell sjukdom, og dersom ein ikkje drikk vatnet no, er det ikkje venta akutte sjukdomsteikn. Inntak av vatnet no er vanskeleg å knyte til konkrete symptom før analysesvara ligg føre. Ulike stoff kan ha ulike helseeffektar dersom dei finst i tilstrekkelege mengder. Til dømes kan bakteriar gi akutte symptom som magesmerter, oppkast og diaré, medan enkelte metaller eller kjemiske stoff oftast er knytte til effektar ved eksponering over lengre tid.

Frå min ståstad: ikkje bruk vatn til å drikke, ikkje bruk til matlaging, ikkje bruk til tannpuss. Bruk til hygiene, vask av klede og vask av kopp/tallerk

Kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen

20.08.2026

Pressemelding 18.08.2026:

Sjøvatn i drikkevassnettet på Rubbestadneset og i Innværfjordområdet

Ved ein feil har sjøvatn kome inn i drikkevassnettet på Rubbestadneset og i Innværfjordområdet. Årsaka til hendinga er enno ikkje avklart, og tekniske undersøkingar pågår av aktuelle aktørar.

BVA har sidan laurdag samarbeidd tett med kommunen for å kartleggje hendinga og avgrense konsekvensane for abonnentane.

I den innleiande fasen var det ei bekymring for at høgt saltinnhald kunne gi helsemessige konsekvensar ved inntak av vatnet. Det vart tidleg sett i verk tiltak for å redusere denne risikoen. Det er ikkje meldt om slike tilfelle, og risikoen for dette vert no vurdert som over.

Arbeidet er no retta mot å friskmelde vatnet. For å kunne oppheve drikkeforbodet må vi dokumentere at vatnet oppfyller krava i drikkevassforskrifta. Dette vert gjort gjennom ei rekkje vassprøver som analyserer både bakteriar og kjemiske stoff.

Folkehelseinstituttet har bidrege med faglege vurderingar av kva parameter som må kontrollerast før vatnet kan friskmeldast. Vi har så langt motteke delar av prøvesvara, medan nokre analysar framleis er under behandling. Dei kjemiske analysane har lengre analysetid enn dei bakteriologiske prøvene. Det er den attverande usikkerheita knytt til desse prøvesvara som gjer at drikkeforbodet framleis gjeld.

Så snart alle prøvesvara viser verdiar innanfor krava i drikkevassforskrifta, vil drikkeforbodet bli oppheva. Vi forventer svar i løpet av helga. Dersom prøvesvara kjem tidlegare enn venta, vil abonnentane bli varsla så snart som mogleg.

Vi oppmodar abonnentar som er råka om å spyle vatn forsiktig frå utekran. Tilrådinga er om lag éin time med låg vassføring og lågt trykk.

Når årsaka til hendinga er klarlagt, vil BVA i samarbeid med kommunen gjennomgå hendinga og vurdere tiltak for å redusere risikoen for at noko liknande skjer igjen.

BVA 18.08.2026

Informasjon 18.08.2026:

Me har forståing for at råka abonnentar har behov for informasjon etter hendinga i helga. Det vil i dag bli gjennomført møte mellom kommuneoverlege, FHI og BVA. På noverande tidspunkt kan det sjå ut som om at restriksjonane i forhold til bruk av vatn kan ta tid. Etter møtet vil me sende ut oppdatert informasjon i forhold til vidare oppfølging av situasjonen. Me beklagar ulempene dette medfører, og ber om at de tar kontakt på tlf: 53 42 88 45 ved spørsmål.

Informasjon 16.08.2026:

BVA har i dag mottatt 1 stk. vassprøve som viser at vatnet er forureina, og me opprettholder derfor drikkeforbud på området i kartet nedanfor (gjeld også mot å drikke kokt vatn). Me gjer merksam på at andre områder i Rubbestadneset vil bli friskmeldt. Tappepunkt på kaien i Rubbestadneset og i Hollundsdalen 21 vil bli opprettholdt mellom kl. 0900 og 2100 inntil videre.

Me beklagar så mykje ulempene dette medfører! Ved spørsmål kontakt oss på tlf: 53 42 88 45.

Related Posts