Innlegg:

Visste du at:

Vatn er vårt viktigaste nærings­middel.

Utan mat kan me overleva i fleire veker. – Utan vann kan me berre overleva nokre få døger.

Ein vaksen person treng frå 2–2,5 liter vatn kvar dag.

Me får omtrent ein liter frå maten me et. Me bør difor drikka 1–1,5 liter vatn om dagen.

Me kjenner at me er tørste når me manglar omtrent ein liter. – Det er berre fint å drikka vatn før me blir tørste.

Barn har større fordamping enn vaksne, i høve til størrelsen.

Gamle folk har dårlegare evne til å føla at dei er tørste.

Barn og gamle kan gløyma å drikka. Dei kan bli trøtte, få hoveverk og mista matlysta.

Slike plager kan forresten alle få, hvis dei manglar vatn. Hos vaksne menneske består kroppen av omtrent 70 prosent vatn.

Hos nyfødde utgjer vatn opptil 90 prosent av kroppsvekta.

Knoklar inneheld ca. 20 prosent vatn.

Feittvev inneheld 25 prosent, skjelettmusklar 80 prosent og blodplasma 92 prosent. (Blodplasma er den væskehaldige delen av blodet.)

Lungene inneheld nesten 90 prosent vatn.

Leidningsnettet for vatn i ein kropp, det vil sei blodårene, har ei lengde på 100 mil, eller 1 000 000 meter! Det er like langt som frå Trondheim til Oslo og tilbake igjen.

Kjelde: Vannkunnskap.no

Related Posts