Innlegg:

Nye hygienevanar, pass på kor du hiv kva!

Det merkest at samfunnet er endra. Me oppheld oss meir heima, og har endra hygienevanane våre.

Og det er heilt nødvendig i den unntaks­tilstanden me er komne i og det store behovet me har for hindring av smittespreiing. BVA ynskjer å komma med nokre viktige påminningar.

Våtserviettar eit stort problem
Heimeskule og heimekontor kombinert med stort fokus på hygiene for å hindre smitte gjer at me kanskje stundevis gløymer oss ut når det gjeld kva me kan kasta i toalett og avløp.

Kommunar rundt om i landet melder om havari på avløpspumper og tette røyr som følgje av meir kasting av ting i toalettet som slett ikkje høyrer heima der. – Det som skjer når ting som ikkje skal i toalettet likevel hamnar der er at det klumpar seg saman og stoppar opp i røyr eller pumper. Når det skjer kan resultatet bli at kloakken renn ut i naturen, eller at nokon får han opp i kjellaren sin.

Mykje rart i toalettet!
Bleier, bind, tampongar, til og med strømpebukser kan ein finna i avløpet. Det at ting raknar lett betyr ikkje at det løyser seg lett opp! – Og når me først minner oss sjølv på kva som heller ikkje bør hivast i toalettet: Kaffi­filter og -grut, matfett- og olje. Slike ting blir kjølt ned og klumpar seg slik at røyr og pumper går tette.

Ikkje so vanskeleg!
Det er enkelt å unngå å kasta uønska ting i toalettet, du må berre huska to ting:

1. Det du kan ha i toalettet er toalettpapir + det som kjem frå kroppen.

2. Alt anna skal i avfallsdunken, kjeldesortert på vanleg måte.

Me tenkjer ikkje alltid så nøye på kva ting er laga av. Våtserviettar er laga av polyster­fibrar som ikkje løyser seg opp. Vatt innheld også sterkare fibrar som heller ikkje løyser seg opp. Og sjølv om bomullspinnar i dag gjerne har kjerne av papir tar det lang tid før det løyser seg opp… – Til og med tørkepapir og handklepapir har ein annan samansetning og skal ikkje i toalettet.

Rett bruk av personell
Det er viktig at samfunnskritisk personell no kan konsentrera seg om god vassforsyning og trygg drift av avløpsnettet i staden for å bruka mykje tid i miljø med auka smittefare. – Me oppfordrar våre kundar sterkt om ikkje å påføra våre medarbeidarar ei slik ekstra byrde, seier dagleg leiar Audun Hallleraker i BVA. – Sjølv om korona ikkje smittar spesielt i avløp er det annan smitterisiko me helst vil unngå i ei unnstaks tid. – Me treng friske medarbeidarar som kan sikra all kritisk drift her i BVA, seier Halleraker, og at dei slepp å bruka tida si på reparasjonsarbeid. – Ver med på denne viktige delen av dugnaden også, oppfordrar han.

Dovett-reglar

  • Hvis mogleg bør sjuke personer i husstanden bruka eige toalett.
  • Vask toaletta med vanlege reingjeringsmiddel ofte. Bruk hanskar.
  • Lat att loket før du skyller ned.
  • Vask hendene grundig og lenge med såpe og vatn.
  • Vask handvask og blandebatteri ofte med vanlege reingjeringsmiddel.
  • Ikkje kast rusk og rask i do, der sjølv små gjenstandar kan laga store problem.

Related Posts