Innlegg:

Installerte berøringsfrie ­servantarmatur gratis!

Etablerar Glenn Thore Grønås syns han er komen lenger enn han hadde tenkt etter to års drift.

Bømlo Mesterrør er ei ung røyrleggar-bedrift i kom­munen vår som allereie har markert seg med positive tiltak i koronakrisa.

For vel to år sidan starta Glenn Thore Grønås si eiga bedrift. – Eg hadde eit ønske om å skapa noko, styra kvardagen meir sjølv, setja nokre mål å jobba mot, seier den unge røyrleggjarmeistaren.

Godt mottatt i marknaden
– Me er komne mykje lenger på kort tid enn eg tenkte då eg starta opp, fortel Glenn Thore. Me er no to røyrleggjarar og ein lærling. I fjor omsette me for vel 7 mill. kroner. – Me har privatkundar med behov for røyropplegg i nye bustader, serviceoppdrag eller opp-­pussing av bad, både direkte og gjennom samarbeidande byggefirma.

Ei annleis tid med korona
– Det er klart at me merkar at ting har endra seg etter koronapandemien slo inn, seier Glenn Thore, men me har fullt opp å gjera, hedigvis. Me set stor pris på tolmodet og smidigheita kundane viser i denne tida, seier han, er folk t.d. i karantene respekterer dei at me ynskjer å venta med å komma. – Så er me sjølvsagt spente på kva dette vil føra til for oss over tid.

Ein positiv måte å få merksemd
Bømlo Mesterrør la 17. mars ut følgjande på Facebooksidene sine: «I dag har me levert og montert 6 berøringsfrie servantarmaturer til Bømlo Ambulansestasjon og Bremnes Brannstasjon. Det har me gjort kostnads­fritt for å være med i dugnaden for å bekjempe covid-19 viruset.»

– Ja, det har me fått mykje god respons på, smiler Glenn Thore. – Det blei mykje snakk om hygiene, meir enn det vanlege, blandt anna handvask. Me tenkte at nokon kanskje hadde større behov, kanskje utan å vera klar over kva som finns. Så eg ringte sjefane på brann- og ambulansestasjonen, dei må jo vera på jobb, og det fekk eit stort ja takk frå begge! Eg tenkte at dette kunne vera ein måte me kunne bidra til dugnaden, som dei har kalla det her i landet. – Og så er jo dette eit hygienetiltak som virkar langt ut over denne pandemien, legg han til.

Veldig praktisk og hygienisk
– Det me gjorde har også gitt merksemd og god marknadsføring. Folk eg ikkje kjenner kjem og seier «flott da dåke gjorde der med ambulansen!» fortel den unge etableraren. – Merksemda rund berøringsfrie armatur har også gjort at fleire har bestilt slike mellom anna barnehagar.

Mål og ambisjon framover
– Ikkje lov meg noko du ikkje kan halda. Lov meg heller noko du kan halda, tenkte eg fleire gongar då eg bygde hus, seier Glenn Thore. – Det har me som målsetting her i firmaet vårt, å gjera avtalar og halda dei.
Så er me opptatt av å levera kvalitet. Me tar ingen snarvegar. Mykje går an, men me vil heller mista eit oppdrag enn å gjera noko me ikkje kan stå inne for.

– Det skal vera kjekt å vera på jobb her hos oss. Ambisjonen er å veksa litt, få lærlingen til å bli fagarbeidar og kanskje ein fagarbeidar til når tida er der, avsluttar Glenn Thore.

Related Posts