Nytt reinseanlegg i Åreiddalen:

– Blir hjarta i heile vassforsyninga

– Dette er eit prosjekt som blir viktig for bømlingane dei neste 50 åra, seier prosjektleiar Odd Petter Habbestad.

I Åreiddalen er grunnarbeidet no i full gang for det som skal bli det nye nervesenteret i vassforsyninga vår. Det storstilte prosjektet, som faktisk strekkjer seg heilt frå Ekornsæter i nord til Langevåg i sør, representerer ein solid milepåle for Bømlo vatn og avløp (BVA). Med ein total prislapp på 180 til 200 millionar kroner, er dette den desidert største utbygginga selskapet nokon gong har gitt seg i kast med.

I grove trekk omfattar storsatsinga ei utviding og opprusting av det eksisterande reinseanlegget ved Åreidelva, bygging av to nye høgdebasseng i lia ovanfor, to nye vassinntak i Finnåsvatnet,  9,7 km med vassleidningar i Åreiddalen og nordover mot Ekornsæter, 22 km vassleidning i sjø til Langevåg via Børøy, og om lag 3,5 km med vassleidning i sjø mellom Åreiddalen og Klubbasundet – ei dublering av siste trase på vassforsyninga til Moster.

Doblar kapasiteten

Bygginga starta i september, med mål om å vera ferdige i Åreiddalen sommaren 2025.

– Etter å ha jobba med regulering sidan 2017, er det godt å få spaden i jorda. Den store spenninga no er sjølve byggegropa til vassreinseanlegget. Gropa ligg lågare enn vasstanden i Åreidelva, så her må me slå ned spunt før byggegropa blir graven ut så ikkje elvevatnet tar seg inn, forklarer Habbestad.

Mens dagens vassreinseanlegg har seks filter som reinsar drikkevatnet, får det nye tolv. Det betyr ei dobling av produksjonskapasiteten. Bygget skal i tillegg romma to UV-anlegg, eit ekstra tavlerom, maskin/pumperom, stort lager for marmor og jernklorid, doseringsrom for kjemikaliar, CO2-anlegg, driftskontor, laboratorium, eterom, garderobar og eit kjekt visingsrom med innsyn i filterhallen.

– Med utgangspunkt i det eksisterande, blir det eigentleg to separate vassreinseanlegg  under same tak når anlegget står ferdig. Dermed vil me framleis kunna ha drift på halve reinseanlegget dersom det oppstår ein teknisk svikt, noko som er svært viktig for leveringstryggleiken, framhevar Habbestad.

Minst mogleg pumping

Han omtaler det nye maskin- og pumperommet i Åreiddalen som hjartet i heile vassforsyninga på Bømlo. Herifrå vil BVA kunna forsyna alle krikar og krokar i kommunen med vatn.

– Me har eit stort fokus på energieffektivitet i dette prosjektet. Det betyr mellom anna at råvatnet skal renna fritt inn i reinseanlegget, utan pumping. Herifrå må det ferdig reinsa vatnet naturlegvis pumpast opp til dei to nye høgdebassenga, men deretter er målet at drikkevatnet skal renna fritt heilt ut til iallfall 80 prosent av forbrukarane. Pumpene i vassverket kan assistera oss med å nå dei siste og ved større forbrukstoppar, forklarer prosjektleiaren.

Vassforbruket i Bømlo svingar enormt mellom natt og dag. For at reinseanlegga skal fungera optimalt, ønsker BVA derimot ein mest mogleg stabil produksjon gjennom heile døgnet. Løysinga er å levera reint vatn jamt og trutt til høgdebasseng, og så regulera svingingane i forbruket med uttak frå bassenga.

Får 3 millionar liter vatn oppi lia

I Åreiddalen skal det byggast to nye høgdebasseng i lia ovanfor vassverket, om lag 80 meter over havet. Bassenga får ein samla kapasitet på 3.000 kubikkmeter reint vatn, eller tre millionar liter om du vil. Det sikrar tilgjengeleg vatn i lang tid, sjølv om ein lengre straumstans skulle råka vassverket.

– Det er fleire årsaker til at me har valt å bygga to mindre høgdebasseng framfor eitt stort. Hovudgrunnen er at to basseng aukar leveringstryggleiken. Oppstår det vedlikehaldsbehov eller skjer noko uføresett, kan me stenga det eine og framleis forsyna abonnentane frå det andre. Dette hadde vore meir utfordrande med eitt stort basseng, forklarer Habbestad.

Han legg til at BVA også er opptekne av at høgdebassenga våre skal vera sjølvreinsande. Det får ein til i dei eksisterande bassenga ved å skapa rotasjon når vatnet strøymer inn i tanken. Eventuelt botnfall samlar seg då nede på botnen i senter av bassenget, der det kan tappa det ut.

– Hadde me bygt eitt stort høgdebasseng, kunne det medført konstruksjonar inne i bassenget som hindrar rotasjonen og utskiftinga i vassmassane. Me har derfor valt å gå for ei løysing som er kjent og velprøvd hos oss. Med tanke på at byggetomta, ventilkammer og infrastrukturen uansett er den same,  er kostnadsforskjellen på å bygga eitt eller to relativt liten, seier prosjektleiaren.

Koplar saman nord og sør

For å kopla det nye vassverket saman med resten av vassforsyninga i Bømlo, er det planlagt to nye røyrleidningar mot nord og sør. Den nordgåande vil strekka seg ca  til Ekornsæter. Der møter han vassforsyninga frå Hollundsvatnet, og med denne samankoplinga vert tovegsforsyninga i kommunen styrkt. På delar av strekka skal røyret leggast i den nye traseen for vegen mellom Finnås og Ekornsæter – siste etappe i Bømlopakken.

Sørover inneheld prosjektet ein leidning i sjø frå Åreiddalen til i Langevåg. Den 22 km lange traseen fører både røyret heilt ned på 280 meters djup og oppom land på Børøy, før det held fram til ein ny plasstøypt kumme ved moloen i Langevåg. Der skal «Åreid-vatnet» blanda seg med vatn frå reinseanlegget på Vorland, eller det kan bli sendt direkte opp i høgdebassenget på Vorland.

Related Posts