Innlegg:

Etterslep i vatn- og avløps-Noreg

Det er investert i topp teknologi og gode produksjonsanlegg i BVA. Her ser me inn i anlegget i Åreiddalen.

NRK skreiv allereie før kommunevalet i 2019 at prislappen for etterslepet av vatn- og avløpsanlegga i Noreg vart på svimlande 390 milliard kroner. – Korleis står det til i Bømlo, undrar me…

— For å forstå situasjonen i Bømlo må me sjå tilbake på det som har skjedd tidlegare, kan dagleg leiar i BVA, Audun Halleraker, fortelja.

Historia i Bømlo
Det var over tretti private vassverk på Bømlo, og dei var bygde med ein enorm dugnads­innsats. Det har vore eit uvurderleg grunnlag både praktisk og økonomisk for det som i dag er BVA. Dersom ein skulle bygd ut det som var på plass då først Bømlo kommune, og seinare BVA, i si tid tok over dei private anlegga, ville det kosta for mykje. Me snakkar om fleire hundre kilometer med leidning! – Med dei prisane abonnentane våre har i dag hadde det ikkje vore råd å fått det til. Kostnaden med dette hadde vorte for stor. — Me skuldar alle dei som arbeidde dugnad i dei private anlegga stor takk. Dei la grunnlaget for den gunstige situasjonen me er i no, fortel Audun Halleraker.

Vinn-vinn
Samstundes understrekar han at det var godt samarbeid mellom kommunen og dei private vassverka før kommunen tok over. Då dei nye og strengare drikkevassforskriftene kom på 1990-talet vart det svært kompetanse- og arbeidskrevjande for alle dei små vassverka å tilfredstilla desse. Dermed fekk dugnaden avløysing av ei meir profesjonell drift, først i kommunen og seinare i BVA.

Spreidd busetnad
Sjølv om det dei seinare åra har blitt fortetta busetnad rundt bygdesentra våre er det framleis krevjande å bygga vatn- og avløp her hos oss. BVA har meir enn 500.000 meter i leidningnettet sitt. Det tilsvarar ein kjøretur frå Svortland til Lillestrøm! – Dessutan hentar me vatnet frå lågtliggande kjelder og må difor pumpa det opp i høgden for å få trykk i røyrane.
Satsing på framtida

— Bømlo kommune er ein framoverlent og driftig kommune med mange gründarar og stor politisk vilje til utvikling, fortel Audun Halleraker. — Det er som dei fleste har fått med seg eit unikt vegbyggeprogram her hos oss. Infrastruktur heng saman, difor er det også eit stort investeringsprogram for vatn og avløp parallelt med vegbygginga.

— Konklusjonen på undringa blir vel då at sidan historia er som ho er og framtida er satsingområde for oss i Bømlo, så er stoda god når det gjeld helsa til vårt vatn- og avløpssystem, sluttar Halleraker.

Related Posts