Innlegg:

God natt, sov godt, me spyler røyra imens!

Jan Roar Grutle og Trond Åsmund Sandnes har rigga alt klart for pigging, ventar berre på at dei to i andre enden skal stenga av alle forgreiningar og gjera klar til å kjøra piggane gjennom.

Det er mørkt, klokka har passert 23.00 og dei fleste av oss er på veg i seng. – Det skin eit lys i mørkret ein stad på Svortland, og me skimtar ei kvit vogn med open dør.

I det me kjem bort ser me to BVA-karar i sving inni og utanfor vogna. — Drikkevatnet som går gjennom røyrane våre er reint. Likevel avleirar det seg over tid litt belegg på innsida, og det fjernar me frå tid til anna, forklarar Jan Roar Grutle. Han er i ferd med å «lada» det mange kallar «pluggar» inn i tre røyr inne i piggevogna, medan kollega Trond Åsmund Sandnes koplar inn eit fleksibelt røyr til ventilen nede i kummen.

Betre HMS og hygiene
I BVA kallar dei det «piggar», og piggevogna har dei utvikla sjølv, fortel dei stolte. Før måtte me ned i kummen for kvar ny pigg som skulle inn i vassrøyret. Altså måtte me kanskje ned og skru laus koplinga fire gongar i løpet av pigginga, medan det no held å kople til og frå den fleksible slangen ein gong. — Det sparer mykje tid for oss og dessutan er HMS-en mykje betre, fortset Jan Roar. — Det er mykje mindre sjans for å få ureining inn i systemet legg Trond til. Piggane kjem reine og innpakka til oss, og me står inni vogna og ladar dei i røyra. Det er mange vassverk som har kome for å sjå oppfinninga vår, kan Trond fortelja, og det er jo kjekt!

Nils Ragnar Vika og Tor Eivind Gilje har nett gått frå kum til kum på det strekket dei skal reinsa og stengt alle forgreiningane. Til slutt skrur dei på eit par-tre meter langt røyr nede i kummen, på grunn av høgdeforskjelen, forklarer dei. Piggane skal komma ut av dette røyrer når dei har gjort jobben.

Mens du søv…
For å skapa minst mogleg problem for våre kundar gjennomfører me difor mange av utspylingane på natta, som regel mellom 23.00 og 06.00, me må jo stenga av vatnet. — Nokre utspylingar må me desverre likevel gjennomføra på dagtid, sluttar Nils Ragnar av, no er det tid for ein kopp kaffi!

Related Posts