Den 03.08. mottok BVA svar på analyseprøvar tatt den 01.08, både på vassbehandlingsanlegg og på leidningsnettet, slik vanleg rutine er. Fleire prøvar viste denne gang både funn av e-colie og koliforme bakteriar, og prosedyre for kokevarsel vart iverksatt umiddelbart. Nye prøvar vart umiddelbart sendt til analyse, og resultatet av desse viste ingen funn av bakteriar. I ettertid har BVA gått gjennom rutinane, drifta av anlegget og leidningsnettet for å søke finne årsak til at ein fekk eit slikt resultat. Analyselaboratoriet i Bergen har òg gått gjennom sine rutinar, og granska den aktuelle prøverunden. Undersøkingane som er gjennomført, tyder på at…