Innlegg:

Lokal vekst – gartnaren sin bruk av «resirkulert» jord

Det er slikt me ikkje tenkjer på før me står og irriterer oss over det: Ugras og vekstar me slett ikkje vil ha i hagen! Kor kjem det frå? Me må ha tak i ugrasdrepar snarast!

Og då er me ved kjernen i bodskapen til gartnar Ståle på Hageland Sakseide. Me er innom på gartneriet for ein liten prat om «resirkulering av jord» eller kompost og hage. Ståle er travel som vanleg. I det me skal setja oss ned og snakka med han er han borte… – så dukkar han opp att med to tåteflasker i neven. – Mens me snakkar kan eg gje ale-lamma mine mjølk, ler han. – Så får de helsa på dei og! Og slik blir det, på den nydelege solskinnsdagen går me bort på bergnabbane og pratar medan lamma får ein god tår over tørsten.

Vond sirkel
– Når me skal anlegga ein ny hage er det svært viktig å velja rett jord. Får du tilfeldig jord frå eit depot kan det vera jord som inneheld både skvalderkål, hestehov, marikåpe eller andre svartelista ugrastypar, alt etter kvar ho kjem frå. Det ser så fint ut når ho er komen på plass og ein sår det ein skal ha i jorda. Så går det ei tid, og problema dukkar opp. Ugrasa tek over og ein er midt i kampen.

-Ja, det er so gale at fleire rett og slett gir opp hagane sine! seier Ståle. – Og det er trist!

– Ja men, er det ikkje berre å sprøyta på ugrasmiddel, då? undrar me amatørane…

– Problemet er berre at ugrasmiddel er gift, og blir av styresmaktene avgrensa meir og meir. Denne gifta sig ned i grunnvatnet rundt om og kan forureina det. Det er allereie strenge restriksjonar på slike middel, og strengare kjem det til å bli. Me som driv i dette faget har ikkje lov å nytta det før andre metodar er prøvd, t.d. mekanisk bekjempelse (luking).

– Jaha, tenkjer me, tilbake på knea i blomabedet!

Kompostjord er ein verdifull ressurs!
Ein gylden regel er at nyplanta sommarplantar skal ha porøs og næringsrik jord, men ikkje i direkte kontakt med kompost. I starten kan for næringsrik (gjødsla) jord rett og slett drepa planten. Kompostjord er svært næringsrik og må nyttast med omtanke. Ho er super når du blandar henne med t.d. utmarksjord som er mager. Til prydbuskar i bed kan ein godt blanda kompost inn i eksisterande jord. – Me kjører eit prosjekt med ein maskinentreprenør der me produserer jord frå utmark blanda med SIM-jord og slik får god anleggsjord som ikkje inneheld for mykje uønska frø og plantar. Ved å forebygga kan me hindra bruk av plantevernmidlar, og då har me vunne ein viktig siger! – Når det gjeld den jorda som kjem frå slam-tøminga er den berre nytta til anlegg som t.d. veg og anna, ikkje til private hagar.

-Avslutningsvis må det seiast at me som driv planteproduksjon må ha ein heilt annleis kontroll på dette med jorda me nytta enn privatpersonar. Me må mellom anna ha sertifisert dyrkingsjord med deklarasjon.

Related Posts