1.730.000.000 liter i året

1.730.000.000 liter i året

Artiklar
BVA produserer ein milliard sjuhundreogtretti millionar liter vatn i året. Om du fyller vatnet på einliters kartongar og set dei på rekke etter kvarandre, vil dei rekke vel tre gongar rundt jorda ved ekvator! (meir…)
Les meir
Beredskap heile tida!

Beredskap heile tida!

Artiklar
Lekkasjesøk med avansert utstyr er ein del av BVA sin beredskap. Me overvakar vassforsyninga 24 timar i døgeret, kvar dag, heile året. Eit moderne VA-selskap opererer ei mengd kompliserte, tekniske innretningar og styringssystem. Til dette har me 12 driftsoperatørar som trygger drifta kontinuerleg. (meir…)
Les meir
Kven skal betala?

Kven skal betala?

Artiklar
I etterkant av førre utgåve av Friskt har det kome inn spørsmål til BVA, særleg om kvar grensene går for det som skal vera den einskilde kunde og BVA sin kostnad. Tilkoplingskostnad Både når det gjeld vatn og avløp så har BVA eit hovudleidningsnett i kommunen som den enkelte koplar seg på. Tilkoplingskostnaden er det etter lova den enkelte som må dekka – slik som når ein legg inn fiber. «Uforholdsmessig stor kostnad» Også utviding av hovudleidningsnettet til nye byggjefelt skal bli belasta utbyggjar/ huskjøpar. Både ved nybygg og eksisterande byggverk skal kommunen pålegge innbyggjarane å kopla seg på dei offentlege vass- og avløpsnetta, så lenge det ikkje har ein «uforholdsmessig stor kostnad, eller særlige hensyn tilsier det» (Plan – og bygningslova § 27). Kommunestyret har vedteke denne summen til…
Les meir
Bømlopakken,  meir enn god veg!

Bømlopakken, meir enn god veg!

Artiklar
Det er omfattande aktivitet for BVA i samband med utbygginga i Bømlopakken. Her frå arbeidet der nyevegen kryssar Erslandsvegen. Me ser gode nye vegar ta form rundt oss. Gler oss over eit stadig meir komplett, nytt vegnett i kommunen. Smiler, tenkjer romsleg og er tolmodige når det er stopp pga sprenging eller graving. Meir enn god veg Det me kanskje ikkje hugsar i farten er at samstundes som vegane blir rulla ut, kilometer etter kilometer, så blir det også lagt ned røyr for vatn og avløp. Det skjer ei stor oppgradering av leidingsnettet som gjer det mogleg å møta framtida med eit moderne, oppdatert VA-system. Utfordrande prioriteringar – Når det blir gjennomført så store vegprosjekt som det me opplever i vår kommune no om dagen, får me ei særleg utfordring…
Les meir
BVA sitt nye ansikt

BVA sitt nye ansikt

Artiklar
Bømlo Vatn og Avløpsselskap har det siste året vore gjennom ein prosess for å bli medvitne på kven me er og korleis me arbeider og kommuniserer. Me skal bygga gode relasjonar internt, mot vår eigar, kundar og samarbeidspartnarar. Oppdrag og mandat Vår oppgåve og mandat kjem frå ­Bømlo kommune. Me skal bygga ut, drifta og vedlikehalda vatn- og avløpsanlegg i Bømlo kommune og andre oppgåver i tilknyting til dette. Det krev ein handle­kraftig og effektiv organisasjon med kompetanse og vilje til å gjennomføra alt frå rutinemessige jobbar til meir komplekse, tekniske opp­gåver. Til dette har me ein stab på 18 personar med høg kompetanse og godt humør, som verkeleg står på når det trengs! Omdømet vårt er viktig I det daglege møter me innbyggarar, kundar, politikarar og andre. Me ser…
Les meir
Ny drikkekultur blant unge

Ny drikkekultur blant unge

Artiklar
Me bømlingar veit kva det vil seie å ta ein sup av noko, det visste ikkje dei som traff SUP UB på stand på fylkesmessa, så kvifor ikkje ta ein sup av Bømlo? Sunn ungdom – Ungdom i dag er opptatt av å vera sunne, og det går mykje vatn her på skulen, seier produkt- og salsansvarleg, Michelle L. Grcic. Ho og dagleg leiar, Joakim H. Løkke, er dei to som er med å vidareføra elevbedrifta SUP UB, som vart starta i fjor. I år har dei fått inn andre medarbeidarar. Det er marknadsansvarleg Marie A. Aarland og Linda Våge, IT- ansvarleg Marthe S. Sortland og økonomiansvarleg Mostafa Askari. I år skal dei vidareutvikla bedrifta med satsing på nye produkt i tillegg til drikkeflaska som heiter «Ein sup av Bømlo».…
Les meir