Innlegg:

Bømlopakken, meir enn god veg!

Det er omfattande aktivitet for BVA i samband med utbygginga i Bømlopakken. Her frå arbeidet der nyevegen kryssar Erslandsvegen.

Me ser gode nye vegar ta form rundt oss. Gler oss over eit stadig meir komplett, nytt vegnett i kommunen. Smiler, tenkjer romsleg og er tolmodige når det er stopp pga sprenging eller graving.

Meir enn god veg

Det me kanskje ikkje hugsar i farten er at samstundes som vegane blir rulla ut, kilometer etter kilometer, så blir det også lagt ned røyr for vatn og avløp. Det skjer ei stor oppgradering av leidingsnettet som gjer det mogleg å møta framtida med eit moderne, oppdatert VA-system.

Utfordrande prioriteringar

– Når det blir gjennomført så store vegprosjekt som det me opplever i vår kommune no om dagen, får me ei særleg utfordring i å prioritera prosjekt. Det er fleire ting som står i kø utanom det som skal gjerast i Bømlopakken, men det er så store innsparingar å samkjøra desse prosjekta at me kan ikkje venta med det. Det er dagleg leiar i BVA, Audun Halleraker som seier dette i samtale med «friskt». Det handlar om økonomi og kapasitet. – Så må me berre beklaga at me ikkje får gjort alle gode ting samstundes!

Knyter saman produksjonsanlegg

I samband med ny veg Stokkabekken – Siggjarvåg legg BVA ny hovudvassforsyning i traseen. Den skal knyta produksjonsanlegga i Hollundsvatnet og Åreiddalen saman. Det blir også lagd ny vassforsyning til Foldrøy og Siggjarvåg. Anlegget inneber om lag 11 kilometer nytt vassleidingsnett. – Det vil også bli montert ny pumpe- og målestasjon for vatn på Ekornsæter. Den skal auke trykket på vatnet mot Foldrøy og flytte vatn nord eller sørover i hovudvassforsyninga.
Kostnaden på prosjektet er ca 25 mill. og er planlagd sett i drift januar 2017.
Bømlopakke-prosjektet Røyksund bru er no starta opp, og har ei kostnadsrame på 7 mill. Det skal byggast ny vassforsyning frå Høvringevika, gjennom den nya brua og ned til sjøen på nordsida av Røyksundkanalen. Det blir også teke med avløpsanlegg som kan brukast framtidig.
I tillegg har BVA ein rekkje andre utbyggingsprosjekt over heile øya, i størrelse frå ein halv million til nærare tre million kroner for kvart prosjekt.

Flyfoto av veg

Related Posts