Innlegg:

1.730.000.000 liter i året

BVA produserer ein milliard sjuhundreogtretti millionar liter vatn i året. Om du fyller vatnet på einliters kartongar og set dei på rekke etter kvarandre, vil dei rekke vel tre gongar rundt jorda ved ekvator!

Kartongar med vatn rundt jorda
Kartongar med vatn rundt jorda som symboliserer 1,7 milliard liter vatn produsert hos BVA pr. år

Enorme mengder

Me tar det ofte for gitt, tenkjer at vatn er noko naturen gir oss rikeleg av på våre kantar. Og det er jo rett, for så vidt. Sjølv om det hender at me får med oss nokre restriksjonar, så sparer me sjeldan på det klåre, gode vatnet me kan gleda oss over. Men det kjem ikkje av seg sjølv!

Naturleg råvare

Bømlo Vatn og Avløpsselskap hentar vatnet frå naturen, råvara ligg i nokre av dei flotte idyllane på den vakre øya vår. Det krevst over trehundreogfemti kilometer røyr og leidningar for å transportera dette vatnet inn til dei tre produksjonsanlegga våre og ut til kundane. På produksjonsanlegga blir vatnet reinsa og handtert slik at det gode vatnet me kjenner frå springen blir ein realitet. – Så blir det pumpa ut på neste etappe til abonnentane. Noko av det blir sendt opp til eit av dei 11 høgdebassenga rundt om i kommunen for å gi vatnet nok trykk.

Bømlavatnet blir henta frå naturen

Vatn er ferskvare

Høgdebassenga fungerer også som beredskapmagasin for brannvatn. Vatnet er ferskvare og er ute hos kundane våre i løpet av 14-35 timar. -Og det er den same, høge kvaliteten anten me drikk det, dusjar i det eller vaskar terassen med det!

Related Posts