Innlegg:

Kven skal betala?

I etterkant av førre utgåve av Friskt har det kome inn spørsmål til BVA, særleg om kvar grensene går for det som skal vera den einskilde kunde og BVA sin kostnad.

Tilkoplingskostnad
Både når det gjeld vatn og avløp så har BVA eit hovudleidningsnett i kommunen som den enkelte koplar seg på. Tilkoplingskostnaden er det etter lova den enkelte som må dekka – slik som når ein legg inn fiber.

«Uforholdsmessig stor kostnad»
Også utviding av hovudleidningsnettet til nye byggjefelt skal bli belasta utbyggjar/ huskjøpar. Både ved nybygg og eksisterande byggverk skal kommunen pålegge innbyggjarane å kopla seg på dei offentlege vass- og avløpsnetta, så lenge det ikkje har ein «uforholdsmessig stor kostnad, eller særlige hensyn tilsier det» (Plan – og bygningslova § 27). Kommunestyret har vedteke denne summen til kr 150.000.

Ved kostnad over kr 150.000 kan ikkje kommunen pålegge innbyggjarane å kopla seg på og ein kan finne private ordningar, t.d. bora etter vatn sjølve, og ha annan godkjent avløpsordning. Kostnadane med dette er det innbyggjaren sjølv som skal betala.

Felleskostnadar
Årsaka til at BVA ikkje dekkjer tilkoplings­kostnadane er at kostnaden då blir delt på alle kundane i kommunen. Fellesskapet får då ei urimeleg auke i gebyr.

Kommunepolitikarane fastset årleg gebyra og BVA må justera investeringar og drift etter det. Om BVA går med «overskot», kan ikkje kommunen ta ut utbytte, men midlane blir låst til å brukast til drift i seinare år.

På denne måten vert det som kundane betaler i gebyr reelt sikra å bli brukt til drift av vatn og avløp på Bømlo. Dette vert kalla sjølvkostprinsippet og er bestemt ved lov.

Related Posts