Innlegg:

BVA sitt nye ansikt

BVA sitt nye ansiktBømlo Vatn og Avløpsselskap har det siste året vore gjennom ein prosess for å bli medvitne på kven me er og korleis me arbeider og kommuniserer. Me skal bygga gode relasjonar internt, mot vår eigar, kundar og samarbeidspartnarar.

Oppdrag og mandat
Vår oppgåve og mandat kjem frå ­Bømlo kommune. Me skal bygga ut, drifta og vedlikehalda vatn- og avløpsanlegg i Bømlo kommune og andre oppgåver i tilknyting til dette. Det krev ein handle­kraftig og effektiv organisasjon med kompetanse og vilje til å gjennomføra alt frå rutinemessige jobbar til meir komplekse, tekniske opp­gåver. Til dette har me ein stab på 18 personar med høg kompetanse og godt humør, som verkeleg står på når det trengs!

Omdømet vårt er viktig
I det daglege møter me innbyggarar, kundar, politikarar og andre. Me ser at det er ulike forventningar til våre tenester. Det kan vera ulike reaksjonar på dei svar me gir på spørsmåla som kjem til oss. Nokon blir skuffa, andre glade. Me trur det har noko med kva forventning ein har hatt på førehand. Dette gjer noko med omdømet vårt, og me ynskjer å bli forstått rettast mogleg. Difor set me i verk tiltak som me håper skal vera gode i forhold til forståelsen av selskapet.

Informasjon

Vårt ynskje er at flest mogleg skal ha god kunnskap om kva og kven BVA er. Me vil fortelja om dei ramevilkår våre mynde har bestemt og som me må halda oss til. Dessutan er det ei rivande utvikling i kommunen vår, stor utbyggingsaktivitet og mange nye huseigarar kjem i kontakt med oss for første gong. Difor er eit av tiltaka informasjonsmagasinet du no held i hendene, og som me har kalla «friskt». Med namnet ynskjer me å peika på resultatet av eit godt vatn- og avløpsselskap; «Liv, helse og vekst», eit friskt samfunn! Folk med god helse og vilje til å satsa på framtida.
Me ynskjer å møta våre kundar og omgivnader ope og imøtekommande, visa vår kompetanse og at me er eit moderne selskap som bygger for framtida og det moderne samfunnet sine krav.
Gjennom god intern kommunikasjon vil me også prøva og betra våre svar til dykk som spør, slik at dei blir rette og i tråd med det BVA har høve til å gjera innanfor lovverk og forskrifter.

Ny logo
For å uttrykka endringane me er oppe i og tydeleggjera vår bodskap tar me frå i sommar av i bruk ny logo og visuell form. Den vil visa seg i vår kommunikasjon og visuelle uttrykk på bilar, skilt og klede.

Vår nye logo

Vårt ærlege, store ynskje er at me skal gjera oss betre forstått og at dine forventningar til Bømlo Vatn og Avløpsselskap skal vera moglege å innfri.

Related Posts