Innlegg:

Beredskap heile tida!

Lekkasjesøk med avansert utstyr er ein del av BVA sin beredskap. Me overvakar vassforsyninga 24 timar i døgeret, kvar dag, heile året.

Eit moderne VA-selskap opererer ei mengd kompliserte, tekniske innretningar og styringssystem. Til dette har me 12 driftsoperatørar som trygger drifta kontinuerleg.

«Me har ikkje vatn!»
– Beredskapen til BVA går kontinuerleg heile døgeret, heile året. Skulle det komma inn meldingar eller telefon om svikt i vasstilførselen rykker me ut umiddelbart, seier driftsleiar Jarle Andreassen. – Me overvaker kontinuerleg både vatn og avløp, og våre tekniske system sørger for at alarmen går hos dei som har vakt til ei kvar tid, om noko er feil.

Beredskap
Leidningsbrot av ulike grunnar, bortfall av straum over tid og anna kan gi utfordringar i å halda vasstrykket oppe. Vår organisasjon tar beredskapen på høgste alvor. Me har planar for og jamnlege øvingar, internt og saman med andre, for å kunna takle uføresette hendingar og kriser på best mogleg måte.

Related Posts