Innlegg:

Ny drikkekultur blant unge

Styret i Weflex UBMe bømlingar veit kva det vil seie å ta ein sup av noko, det visste ikkje dei som traff SUP UB på stand på fylkesmessa, så kvifor ikkje ta ein sup av Bømlo?

Sunn ungdom
– Ungdom i dag er opptatt av å vera sunne, og det går mykje vatn her på skulen, seier produkt- og salsansvarleg, Michelle L. Grcic. Ho og dagleg leiar, Joakim H. Løkke, er dei to som er med å vidareføra elevbedrifta SUP UB, som vart starta i fjor. I år har dei fått inn andre medarbeidarar. Det er marknadsansvarleg Marie A. Aarland og Linda Våge, IT- ansvarleg Marthe S. Sortland og økonomiansvarleg Mostafa Askari. I år skal dei vidareutvikla bedrifta med satsing på nye produkt i tillegg til drikkeflaska som heiter «Ein sup av Bømlo». Elevane går på VG3 studiespesialiserande og har entreprenørskap som valfag, med god hjelp og engasjement frå lærarane Inger Anita Urang Rolfsnes og Kari Sørvik.

Ein sup av Bømlo!

Elevane er miljøbevisste og meiner det er mykje betre å ha ei flaske av høg kvalitet, så ein kan fylle på etter behov frå springen, framfor å kjøpa dyre flasker på butikken kvar gong ein skal noko. Alle er einige i at kvaliteten på vatnet frå springen her på Bømlo er betre enn det du får kjøpt i butikken. Men for at ei slik flaske skal bli brukt, er det viktig med design. Designet på flaska er bygd opp av kjennemerke på Bømlo med havet, Slotterøy- fyr, Siggjo, Salmalaksen og Bømlabrua, det er Kristin Hovland som har stått for designet.
«Ein sup av Bømlo» står i dag som karaffel på mange middagsbord på Bømlo, men er òg lett å ta med seg på trening der det er kjekt med ei litt større drikkeflaske. Løkke seier at dei hadde svært god respons på flaska i fjor, og har allereie venteliste på flaskene som er rett rundt hjørnet. I år er det fleire bedrifter som har tatt kontakt og vil ha flaskene på møteromma sine for å imponera tilreisande kundar. Elevane vil òg nytta høve til å tipse bedriftene der ute om at dette kan vera ei fin julegåve til dei tilsette.

weflex bagNytt produkt
SUP UB skiftar namn dette skuleåret og blir til WeFlex. I tillegg til «Ein sup av Bømlo», kan ein då kjøpa praktiske gym-posar med det same fine designet i refleks.
BVA vil oppfordra sine lesarar å skaffa seg ei «Sup av Bømlo»-flaske. Romsleg og elegant produkt frå ei lokal bedrift!

Related Posts