Innlegg:

Kan det vera gull i slammet?

Me er heilt avhengige av mange ting, ein av dei er fosfor. Fosfor finst i alle levande vesen og er heilt nødvendig for at celler skal kunne fungere. Men kva har det med avløp å gjere..?

Når bonden tek inn avlinga frå jordet blir også fosforet som plantene har teke opp fjerna frå jorda. Moderne landbruk er difor heilt avhengig av fosfor i kunstgjødsel. Utan det vil plantene vekse mindre og den globale matproduksjonen går ned.

Fosfor blir henta ut frå fosfatsteingruver. Me har høyrt mykje snakk om «når me går tom for olje», men me kan faktisk oppleve å gå tom for fosfor i vår eiga levetid, om så kort tid som 20-30 år i følgje forskar og professor Petter Jenssen ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet.

I avløpsvatn er det mykje fosfor og ein jobbar med teknologi for å få dette gjenbrukt. På Bømlo er forholda for små til at fosforattvinning er mogleg, men i avløpsanlegg av større dimensjonar må
ein få dette på plass. Om fosfor ikkje blir fjerna før avløp men blir slept i innsjøar og vassdrag, kan det føre til sterk algevekst.

Det gir dårleg levevilkår for fisk, då algane bruker opp oksygenet i vatnet. På Bømlo er ikkje dette eit problem då havet er ein god utsleppsmottakar. Altså eit stort ja til fosfor i landbruket – og eit stort nei til fosfor i innsjøar og vassdrag!

Related Posts