Innlegg:

-Kva kan me hjelpe deg med?

Om du kontaktar BVA er det som regel ein av kundebehandlarane på biletet som svarar i andre enden; Jorunn A. Habbestad, Elise H. Halleraker og Anja B. Hope.

Bilde av kundebehandlarane i BVA.
Jorunn A. Habbestad, Elise H. Halleraker og Anja B. Hope.

Jorunn fortel at dei har om lag 6.300 kundar, og at det er veldig kjekt når kundane tek kontakt. Kundebehandlarane kan hjelpe med det aller meste som kundane lurer på.

– Dei siste åra har BVA auka fokuset på å informera og byggja kunnskap rundt vass- og avløpsdrifta på Bømlo, fortel ho vidare. På heimesida vår, bva.no, finn du nyttig informasjon, slik som driftsmeldingar, siste nytt, kontaktinformasjon, korleis ein kan ordne varsling, «ofte stilte spørsmål» og mykje meir.

Frå januar 2018 er det Elise H. Halleraker som er i resepsjonen og tek i mot kundane som kjem innom BVA. Ho er nytilsett sekretær og vil blant anna jobba med kundekontakt. Om det ikkje høver å komma innom, kan ein ringja, senda e-post, bruka kontaktskjema på nettsida eller bruke Facebook. Elise seier at ho gler seg til å ta fatt på den nye jobben.

Facebook
Facebooksida til BVA heiter «Bømlavatn – BVA» og vart oppretta i januar. Dette for at du som kunde skal få informasjon raskt, at BVA er tilgjengeleg der folk er og at det skal vera lett å kontakte BVA.
– Send gjerne melding på Messenger, så svarar me så snart me kan, seier Anja. Det er ho som er hovudansvarleg for Facebooksida, i tillegg til andre administrative oppgåver. Målet er at det skal vera lettvint for kundane å få svar på spørsmåla sine. – Det er framleis mange av våre kundar som ikkje følgjer oss på Facebook, noko Anja oppmodar kundane til å gjera. Då får dei informasjon «rett i lommo» og kan ta kontakt om det skjer noko.

Varsling
– Men det viktigaste er at kundane våre har varsling. Det gjer at du får informasjon som SMS eller talemelding om det er stenging av vatn eller andre hendingar som påverkar kvardagen din. Denne tenesta har dei fleste fått automatisk tilgang til via systemet til BVA. Nokon får likevel ikkje varsling. Årsaka kan t.d. vera at dei har ein jobbtelefon som er registrert på ei anna adresse enn bustaden, at dei har hemmeleg nummer, eller at dei er leigetakarar. Om ein ikkje får varsel rår BVA til at ein går inn og registrerer seg på bva.no/varsling. – Nøl ikkje med å ta kontakt med BVA for å få hjelp til registrering, me kan hjelpa deg, seier Anja.

Mange faktura-spørsmål
Jorunn fortel at dei får ein del spørsmål om faktura, både om tilknytingsgebyr og vanleg gebyr. Ho har hovudansvar for fakturering og svarar gjerne på spørsmål om noko er uklårt. Det kjem meir informasjon om gebyrrekninga lenger bak i bladet, så ta gjerne ein kikk på det før du legg frå deg «Friskt». Vidare fortel Jorunn at dei ønskjer at flest mogleg går over til e-faktura og avtalegiro. Når du betalar i nettbanken kjem det opp avtaleforslag og godtar du det får du rekninga elektronisk neste gong. BVA arbeider for at kundane kan få månadleg faktura, slik at terminbeløpet blir lågare.

Vakttelefon
Ved akutte tilfelle har BVA eigen døgnbemanna vakttelefon som kan nyttast om det hastar og kontortida er over. Telefonnummeret dit er 53 42 88 45.

Related Posts