Innlegg:

Kokevarselet i august

I august måtte BVA senda ut kokevarsel fordi rutinemessige prøvar viste bakteriefunn. Me hadde dialog med mange av kundane på Facebook, og her er nokre av dei gode spørsmåla som vart stilt.

Foto: Shutterstock

Det viste seg i ettertid at vatnet frå BVA ikkje var forureina. Det var laboratoriet som hadde forveksla BVA sine prøvar med prøvar frå ei privat kjelde.

Kor ofte tar de prøvar? Og kvifor analyserer de ikkje prøvane på Bømlo? Då hadde mykje tid vore spart!
BVA tar prøvar av vatnet kvar veke, både der me produserer vatnet og ute på leidningsnettet. Prøvane må analyserast av eit uavhengig, godkjent laboratorium. Det er mange forskjellige måleverdiar, ikkje berre bakteriar. Eit slikt laboratorium er det ikkje på Bømlo og prøvane må analyserast og dyrkast i ein inkubator over tid. Sjølv om reisetida hadde vore litt kortare, så tek det uansett over 24 timar å få svar på prøvar.

Naboen fekk tekstmelding frå dåke, men ikkje eg – kvifor?
Me ønskjer å nå flest mogleg i vårt varslingssystem på sms og talemelding. På www.servicevarsling.no kan du klikka på den gule knappen «Sjekk din oppføring». Skriv inn mobilnummeret ditt og kommunenamn (Bømlo), og du får ein pinkode på tekstmelding. Når du har ført den inn ser du kva informasjon som er registrert på deg og der kan du eventuelt redigere det.

Kommentarar av den morosame sorten:
«Bør eg koka det vatnet eg allereie har drukke?»
«Hadde vore kjekkare med vatningsforbod….»

Er bakteriane i råvatnet eller ute i leidningsnettet? Blir det ikkje strålebehandla på veg ut – skulle ikkje det vere godt nok?
Vatnet blir reinsa gjennom ulike sandlag og det vert UV-behandla før det blir levert til abonnentane. Den første prøven viste bakteriefunn fleire stadar på leidningsnettet, altså etter behandlinga på vassreinseanlegget og dermed måtte me ut med kokevarsel.

Kva sjukdomssymptom gir e.coli?
Det er diaré som går over etter 4-10 dagar.

Gjeld kokevarselet også for Kloven/Katla/Goddo?
Kloven og Katla har privat vassforsyning og har av den grunn ikkje vore råka av kokevarselet utsendt av BVA.

Det må vel gå an å nærma seg «kjelda» til bakteriane og finna ut kva grender på Bømlo som er råka direkte og kor vatnet elles er bra?
Leidningsnettet er samankopla (med unntak av Langevåg og Espevær) og ved bakteriefunn ein plass kan me ikkje avvise moglegheita for at det er andre stader. For sikkerheits skuld må ein sjå heile leidningsnettet som forureina inntil ein veit meir.

Korleis er det med husdyr? Tåler dei det betre enn oss, eller skal eg koka vatnet eg gjev kattane mine?
E.coli finst naturleg i tarmsystem til både menneske og dyr, men kattar og andre dyr har gjerne ein litt anna bakterieflora enn oss menneske. Dyr drikk ureinsa vatn når dei er ute i naturen, men om ein vil vera på sikre sida så må ein sjølvsagt gjerne koka vatnet dei får i skåla.

 

 

Kva er e.coli?
E.coli er ein samlebetegnelse for ei gruppe bakteriar. Dei er i hovudsak «snille», for dei finst heilt naturleg i kroppane våre og hjelper til i fordøyingssystemet.

Det er også nokre grupper av E.coli som kan gjere oss sjuke. Dei vanlegaste heiter EHEC, EIEC, EPEC og ETEC. Dei kan gje tarminfeksjonar med diaré i 4-10 dagar hos vaksne, og noko lengre hos barn. Mange har hatt «turistdiaré», og då er det gjerne ETEC-varianten som har vore på ferde.

Som regel er det ubehageleg, men relativt ufarleg. Nokre former av EHEC kan i sjeldne tilfelle gje alvorleg nyresjukdom, særleg hos barn og eldre. I Norge vert det årleg oppdaga rundt 20 tilfelle av EHEC, der 2-3 får nyrekomplikasjonar.
Kjelde: Folkehelseinstituttet

Related Posts