Innlegg:

Konklusjon etter utsendt kokevarsel av drikkevatnet 3. aug 2017

Den 03.08. mottok BVA svar på analyseprøvar tatt den 01.08, både på vassbehandlingsanlegg og på leidningsnettet, slik vanleg rutine er. Fleire prøvar viste denne gang både funn av e-colie og koliforme bakteriar, og prosedyre for kokevarsel vart iverksatt umiddelbart. Nye prøvar vart umiddelbart sendt til analyse, og resultatet av desse viste ingen funn av bakteriar.

I ettertid har BVA gått gjennom rutinane, drifta av anlegget og leidningsnettet for å søke finne årsak til at ein fekk eit slikt resultat. Analyselaboratoriet i Bergen har òg gått gjennom sine rutinar, og granska den aktuelle prøverunden.

Undersøkingane som er gjennomført, tyder på at det har vore ei ombytting av vassprøvar i analyselaboratoriet.

Dette er sterkt beklagelig, og både analyselaboratoriet i Bergen og BVA beklagar sterkt den ulempa mange abonnentar har hatt i samband med hendinga.

Audun Halleraker
Dagleg leiar BVA

18. august 2017

Related Posts