Innlegg:

Det er foreslått reduksjon i gebyr for 2018

Norsk Vann har kome med ein fersk rapport som viser at inve­steringsbehovet på vass- og avløpsanlegg i Noreg er på over 280 milliardar kroner fram til 2040.

BVA sender ut faktura til om lag 6.300 kundar fire gonger i året. Det er mogleg å få den direkte i nettbanken som efaktura.

Investeringane vil føre til ein årleg auke på 4% i vass- og avløpsgebyr utanom vanleg prisvekst, men det er svært store forskjellar frå kommune til kommune. Årsaka til investeringsbehovet er eit stort etterslep på vedlikehald.

– Me har verdas beste drikkevatn i springen, men det har blitt ei sovepute. Kvart år aukar vedlikehaldsetterslepet på vass- og avløpsnettet. I dag går over 30 prosent av vatnet som blir reinsa i vassverka tapt på grunn av lekkasjar. Opprustinga må begynne no. Om ikkje kan prislappen bli enno høgare, seier Toril Hofshagen, direktør i bransjeorganisasjonen Norsk Vann.

Men korleis er dette for Bømlo? Me spør Audun Halleraker, dagleg leiar i BVA.

– På Bømlo har me teke mange store oppgraderingar i nettet siste åra, både på vatn og avløpssida. Nokre eksempel er kloakk­reinseanlegget på Nesse, Bømlapakken og arbeidet med å redusere lekkasjar. Dette har krevd store investeringar. I 2007 vedtok kommunestyret at auken i gebyr maksimalt skulle vere på 5% for vatn og 8% for avløp, inkl. vanleg prisvekst.

Me les i årsrapportane til BVA om gebyrstorleik og finn prisveksen hos statistisk sentralbyrå. Gebyrveksten på Bømlo har i snitt vore nett i overkant av 2% utanom vanleg prisvekst dei siste 14 åra. Største auken hadde ein i åra 2008-2012 og dei siste fem åra har ein hatt ca 1,3% auke.

I forslaget til gebyr for 2018 er det foreslått ei auke på 2,5% på vatn og ein reduksjon på 2,5% på avløp. Sidan avløp er meir kostbart enn vatn fører dette totalt sett til ein reduksjon for dei som er knytt både til offentleg vatn og avløp. Det er kommunestyret som fastset gebyret frå år til år, etter forslag frå BVA.

Ein har gjort mange viktige grep dei siste åra, men også framover vil det vere behov for god drift, langsiktige investeringar og naudsynte oppgraderingar. Takten og prisen er det dei folkevalgte som bestemmer.

Related Posts