Innlegg:

Bli kvitt julafeittet!

Ribbe, pinnekjøt, smultringar, delfiakake og annan julebakst. Me går inn i ei fantastisk deilig tid på året!

Men det har sine konsekvensar. – Korleis skal eg bli kvitt julefeittet, lurer du? BVA har tips! Men det er ikkje slankemetodar me tenkjer på…

For kva gjer du når du står der seint på julafta og skal kvitte deg med feittet etter pinnekjøtmiddagen? Eller første juledag, når svineribba er fortært og det skal ryddast opp?

Kast i alle fall ikkje feittet i vasken! Og heller ikkje i do – som me veit nokon gjer. Det tettar røyr, pumper og avløpssystem. Og det gir rottene eit festmåltid… Rotter i avløpet er heldigvis ikkje noko me opplever ofte på Bømlo, kanskje fordi dei fleste bømlingane er flinke til å kvitte seg med feittet slik dei skal?

Så kva tips har BVA-maskoten Vassbjørn til deg, så du blir kvitt julafeittet?

  • Når du steikjer middag, så gjer det til ein vane å alltid tørke av steikepanna med kjøkenpapir når du er ferdig. Då er det også lettare å vaske den etterpå.
  • Etter julamiddagen avkjøler du feittet så det stivnar. Skrap det ut og tørk med kjøkkenpapir. Kast feitt og papir i bioavfallet.
  • Smultringbaking kan gje deg ein stor rest med matfett. Hiv det i bioen, eller hell det i ein mjølkekartong, ha i solsikkefrø, havregryn, mandlar og hasselnøtter og vips så har du julamat til småfuglane! Lag nokre hol i kartongen og stikk i ein pinne dei kan kvile seg på, før du heng det ut.
  • Større mengder flytande olje heller du i ein tom mjølkekartong, teip den igjen og kast den i restavfallet.

Slik slepp du at avløpsrøyra dine tettar seg og at kloakken begynnar å gå feil vei i jula…

(sjå meir på: fettvett.no)

Related Posts