Vatnet som Olav den Heilage drakk på Bømlo

Vatnet som Olav den Heilage drakk på Bømlo

Olavskjelda på MosterSegna vil ha det til at Heilag Olav fekk grave seg ei kjelde på Moster og denne ligg bak Moster Amfi. Dersom du går frå Moster Amfi og mot Dalanesvegen ser du ein plakat som fortel litt om denne kjelda. Pilegrimane drakk frå olavskjeldeneMe var nysgjerrige på dette og tok difor kontakt med ei som kjenner godt til Moster si historie, mangeårig guide i Moster Amfi, Turid Anglevik. – Det vert fortalt at då Olav den Heilage var her, drakk han frå denne kjelda, og dermed har den blitt kalla Olavskjelda. Det er mange slike kjelder i Norge,…
Les meir
I kø for fersk fisk

I kø for fersk fisk

Astrid Rusten (t.v) og Eva Helen Mikkelsen Undheim har funne fram favorittane til bømlingane. Skodda låg tjukk over Melings­vågen, og lufta var kald og gufsen. FRISKT skulle besøke Bømlo Fersk Fisk, men kom til låst dør… Me kikka på klokka og lurte på om me hadde teke feil av tida. Eitt minutt for tidleg. Me kikka opp og i det same kom ein bil ned i «Vinsen» som det blir kalla på folkemunne. Astrid Rusten kom smilande ut av bilen:-Beklagar eg er sein, eg kjem rett frå eit anna møte. Ho låser opp døra og loser oss inn i lokala…
Les meir
Kva skal du betala i gebyr?

Kva skal du betala i gebyr?

No er det enklare for deg å finna ut kva du skal betala for vatn og avløp på Bømlo. Betala etter forbruk eller arealNokre privatkundar har vassmålar, men dei fleste betalar for vatn og avløp basert på husstorleik. For å gjer det enklare for desse kundane har me no laga ein gebyr­kalkulator som ligg på nettsida vår, bva.no. Fire faktorar som bestemmer gebyretDu svarar på fire enkle spørsmål og då får du vita kva som er den månadlege summen du skal betala. Dei fire spørsmåla handlar om storleiken på husværet (under 80 m2, mellom 81-350 m2 og over 351 m2),…
Les meir
Vinnarbildet kåra

Vinnarbildet kåra

I sommar har me hatt fotokonkurranse og det kom inn om lag 80 bilde frå både inn- og utland.  Vinnarbildet var det Gunhild Meling som knipsa. Serina (1 1/2 år) står utanfor ei tømmerhytte som truleg er frå 1600-tallet, på Mjonøy i Vinje kommune. Flaska vart fylt opp av friskt Bømlavatn før dei la på veg over fjellet. - Eg såg i FRISKT at eg kunne få Bømlavatnflaske, så eg stakk innom hos BVA i sommar, seier Gunhild. - Dette er første gongen eg deltek i ein fotokonkurranse, så det var ekstra kjekt å vinna! Me gratulerer Gunhild med vinnarbildet, og…
Les meir
– Utan vatn blir me slitne

– Utan vatn blir me slitne

Bømlo MJ9: Bak f.v. Regine, Anna, Sandra, Alessia-Maria og Senay. I midten Lina Anneli og Josefine. Framme Randi. – Me blir trøytte og slitne om me ikkje drikk vatn når me spelar kamp. Reint vatn er det viktigaste i livet, og det er sunt og godt, fortel jentene. Må drikka nok vatnDå me møtte dei var det fotballkamp mellom Bømlo og Moster på Langvåg. På banen spring åtte glade og energiske jenter.Dei er midt i oppvarminga, og på kampdag er det ein ting dei ikkje gløymer:– Me må drikka masse vatn! Drikk me ikkje vatn når me spelar kamp, blir det ein…
Les meir
Vatn – ei mangelvare?

Vatn – ei mangelvare?

Det er nok ferskvatn på jorda til alle, men likevel manglar over to milliardar menneske tilgang på reint vatn heime. Då me fekk kokevarsel på Bømlo for nokre år sidan blei kvardagen vår med eitt litt meir tungvint. Eit kaldt og leskande glas vatn blei brått ikkje så tilgjengeleg - det måtte jo både kokast og kjølast ned igjen. Heldigvis var det «falsk alarm» og kokepåbodet blei oppheva etter nokre dagar. Dagleg kampFor mange lokalsamfunn i verda er ikkje tilgangen på reint vatn eit praktisk problem som går over, men ein dagleg kamp for liv, helse og vekst. Fleire døyr…
Les meir
Då Magda vaks opp var vatn var tungt arbeid

Då Magda vaks opp var vatn var tungt arbeid

Magda Økland har fylt 99-år, men hugsar godt korleis det var med vatn og avløp i gamle dagar. Vatn. Det er lett tilgjengeleg overalt. Me opnar kranen og det friske Bømlavatnet berre renn ut. Slik var det ikkje før. Då Magda vaks opp var vatn tungt arbeid. – Me hadde to vasskjelder heime på garden på Hiskjo, fortel Magda. Ei «matkjelde» og ei «fjos­kjelde», men det var sjeldan me brukte fjoskjelda. Me hadde takrennevatn og ein stor tank som dyra våre fekk vatn frå. Var det tørt lenge, så måtte me bera vatn til dei frå fjoskjelda. Måtte i båt for…
Les meir
Vasstryggleik på Bømlo

Vasstryggleik på Bømlo

Me i Bømlo Vatn og Avløp har siste veka fått fleire spørsmål om korleis vasstryggleiken er ivaretatt. Her er ei lita oversikt over det me gjer for å sikra trygt vatn på Bømlo. Vassprøvar: Her blir vatn frå Bømlo analysert. Foto: Vegard Røsland Rutinemessige prøvar Me tek rutinemessige prøvar av leidningsnettet og analyserer om lag 1.200 vassprøvar i året. Det vert levert om lag 10 vassprøvar kvar veke til eit uavhengig laboratorium, medan BVA analyserer om lag 10 vassprøvar sjølv. Prøvane vert tekne etter ein godkjent plan, både i vassbehandlingsanlegga og ute på distribusjonsnetta. Produksjon og levering På Bømlo har…
Les meir
Bømlavatnflaska med på tur

Bømlavatnflaska med på tur

Bømlavatnflaskene minner oss om å drikka vatn, og at me har eit av Norges, og verdas beste drikkevatn i kommunen vår. Ta med flaska di på tur, send bilde til oss, og bli med i trekking av premie! Desse flaskene har vore i Furuneset på Rubbestadneset, i Krakow og på Malaga. Kvar tek du med deg di flaske i sommar? Fekk bilde i fjor sommarI fjor sommar fekk me inn nokre bilde frå engasjerte bømlingar som hadde med seg bømlaflaska på tur. Dette var så kjekt, at me gjerne vil sjå kvar du tek med deg bømlavatnet i sommar. Kanskje…
Les meir
Effektiv innovasjon

Effektiv innovasjon

Dette har du kanskje aldri tenkt på før: Treng vassleidningar å gjerast reine inni? Og korleis i alle dagar blir det gjort i så fall? F.v. Trond Sandnes, Jan Roar Grutle og Thor Audun Larsen med «pigge­vogna» som blir brukt for å gjera vassleidningane på Bømlo reine. Foto: Vegard Røsland – Ja, me vil at vatnet skal ha høgast mogleg kvalitet, både med tanke på smak, lukt og utsjånad, seier Trond Sandnes. - Då må me halda vassleidningane i topp stand! Trond er driftsoperatør i Bømlo Vatn og Avløpsselskap og har saman med Thor Audun Larsen og Jan Roar Grutle utvikla…
Les meir