Innlegg:

Vinnarbildet kåra

Flasker på tur

I sommar har me hatt fotokonkurranse og det kom inn om lag 80 bilde frå både inn- og utland. 

Vinnarbildet var det Gunhild Meling som knipsa. Serina (1 1/2 år) står utanfor ei tømmerhytte som truleg er frå 1600-tallet, på Mjonøy i Vinje kommune. Flaska vart fylt opp av friskt Bømlavatn før dei la på veg over fjellet.

– Eg såg i FRISKT at eg kunne få Bømlavatnflaske, så eg stakk innom hos BVA i sommar, seier Gunhild. – Dette er første gongen eg deltek i ein fotokonkurranse, så det var ekstra kjekt å vinna!

Me gratulerer Gunhild med vinnarbildet, og takkar for alle innsendte bidrag! 

Serina (1 1/2 år) med bømlavatnflaska si. Foto: Gunhild Meling.

Related Posts