Innlegg:

Då Magda vaks opp var vatn var tungt arbeid

Magda Økland har fylt 99-år, men hugsar godt korleis det var med vatn og avløp i gamle dagar.

Vatn. Det er lett tilgjengeleg overalt. Me opnar kranen og det friske Bømlavatnet berre renn ut. Slik var det ikkje før. Då Magda vaks opp var vatn tungt arbeid.

– Me hadde to vasskjelder heime på garden på Hiskjo, fortel Magda. Ei «matkjelde» og ei «fjos­kjelde», men det var sjeldan me brukte fjoskjelda.
Me hadde takrennevatn og ein stor tank som dyra våre fekk vatn frå. Var det tørt lenge, så måtte me bera vatn til dei frå fjoskjelda.

Måtte i båt for å vaska klede
I tørkeperiodar med lite vatn i kjelda måtte dei i båt for å vaska klede, men ho har berre gode minner frå det.

– Då vart me ungane skikkeleg glade. Me fekk vera med til Litla Hiskjo for å vaska klede. Då hadde me med niste og me bada i vatnet der, så det blei reine utflukta. Det var kjekt, men eg trur ikkje dei vaksne tenkte slik som ungane, ler ho.

Sparte på vatnet
Ho gifta seg og flytta til Økland, og bur enno heime i huset sitt der.
– Vasskjelda me hadde her var god, men me måtte spara på vatnet, seier ho. Var det tørt i lengre periodar så vaska dei kleda i Øklandsvatnet.
Alt vatnet måtte berast inn og ut av huset og det var tungt arbeid. – Men slik var det for alle, og ingen klaga over det, fortel 99-åringen.

Vaskefat med plass til ein fot
Før dei fekk lagt inn vatn hadde dei ikkje toalett, bad eller vaskerom i huset.
– Me vaska oss i vaskefat, og eg hugsar me berre fekk ein fot i om gangen, seier Magda.
– Og kleda vaska me i kjellaren, i stamp med vaskebrett, seier ho. Dei kvite kleda blei kokt i vatn for å få dei skikkeleg reine.

Overgang til innlagt vatn og avløp
I 1955 fekk dei innlagt vatn på Økland og då slapp dei å bera vatnet inn og ut. Nøysemda var likevel den same:
– Eg var vande med å spara på vatnet, og høyrte eg springen stå på for lenge, så bad eg at dei måtte stenge krana. Ja, det tok tid før eg kunne sleppa vatnet laust, ler ho.
Ti år etter dei fekk innlagt vatn, så laga dei bad på huset, og då var det endeleg slutt på utedoen.

– Godt vatn på Bømlo
Bømlavatnet er ho veldig glad i, og meiner me ikkje treng reisa langt for å kjenna forskjell på smaken på vatnet.
– Me har eit ubegripeleg fint og godt vatn her på Bømlo. Det er friskt og
ingen smak på det, og eg merker stor forskjell andre stadar.

Takksam
Magda tenkjer både på andre stadar i Norge, men særleg andre plassar i verda. For det er slett ikkje alle som har det som oss.
– Tenk alt me bruker reint drikkevatn til! Og folk andre stadar i verda må gå langt for å få seg noko å drikka, seier ho. – Ja, me har mykje å vera takksame for!

Related Posts