Innlegg:

Effektiv innovasjon

Dette har du kanskje aldri tenkt på før: Treng vassleidningar å gjerast reine inni? Og korleis i alle dagar blir det gjort i så fall?

Bilde av tilsette og piggevogna til BVA
F.v. Trond Sandnes, Jan Roar Grutle og Thor Audun Larsen med «pigge­vogna» som blir brukt for å gjera vassleidningane på Bømlo reine. Foto: Vegard Røsland

– Ja, me vil at vatnet skal ha høgast mogleg kvalitet, både med tanke på smak, lukt og utsjånad, seier Trond Sandnes. – Då må me halda vassleidningane i topp stand! Trond er driftsoperatør i Bømlo Vatn og Avløpsselskap og har saman med Thor Audun Larsen og Jan Roar Grutle utvikla eit eige verktøy for effektiv reinsing av røyr.

Ubehageleg, men ufarleg

Over tid vil det oppstå organisk materiale i vassleidningane, og desse kan gje farge til vatnet. Farga vatn kan vera ubehageleg, men er ikkje farleg. Hovudvassnettet på Bømlo består av over 400.000 meter med vassleidningar, så det er mykje å halda reint.

­– Eg sat ein søndagskveld heime og funderte på korleis me kunne få auka effektivitet og hygiene i arbeidet med å reinse leidningane, seier Thor Audun.

Han laga ei arbeidsteikning til eit verktøy, og Trond bygde ein prototype på bakgrunn av teikninga. Etter testing og diskusjonar i teamet fekk driftsleiar Odd Petter Habbestad ideen om at dei kunne bygga verk­tøyet inn i ein tilhengar. Han gav teamet frie tøylar til å utvikla eit formålstenleg verktøy for jobben.

«Piggar» røyrane reine

For å reingjera leidningane vert det sendt inn spesiallaga «skumgummipiggar» på vassnettet. Desse presser seg inn og gjennom vassleidningane og tek med seg avsetningar som ligg inne i leidningane.

Tidlegare gjekk operatørane ned i vasskummane og sette piggane inn manuelt. Dermed var det ein større risiko for å få bakteriar og uønskte partiklar inn på vassnettet. No vert alt arbeidet gjort i eit sterilt miljø inne i tilhengjarvogna.

Vogna vert kopla til leidningsnettet, «piggane» sett inn og sendt over strekninga som skal reingjerast. Måleapparat gjer at operatørane heile tida veit kor langt piggane er komne.

BVA si «Piggevogn». Med prototypen i forkant. Foto: Vegard Røsland.

Får lov å tenkja kreativt på jobb

Teamet strålar av entusiasme når dei fortel om arbeidet sitt, og korleis dei jobba fram det nye verktøyet.

– I BVA får me lov til å tenkja kreativt og prøva ut nye ting som me har tru på, seier Jan Roar. – Det har ført til smartare måtar å jobba på og at me har sjølvutvikla utstyr som gjer oss betre i jobben vår.

Auka effektivitet og redusert risiko

– Dette er ei suksesshistorie, seier Trond. Den nye vogna har fungert optimalt og er eit resultat av eit godt teamarbeid.

– Hygieneforholda er forbetra, og arbeids­tilhøva for oss som arbeider på eit trykksett system er blitt mykje betre, seier Thor Audun.

– Ja, og auka effektivitet! legg Jan Roar til. Han var heilt overraska over tids­besparelsen dei oppnådde. – No får me gjort mykje meir på kortare tid, noko som reduserer kostnaden med vedlikehaldet. Det er jo viktig for oss at me jobbar så smart som mogleg for kundane våre, avsluttar Jan Roar.

Related Posts