Innlegg:

I kø for fersk fisk

Astrid Rusten (t.v) og Eva Helen Mikkelsen Undheim har funne fram favorittane til bømlingane.

Skodda låg tjukk over Melings­vågen, og lufta var kald og gufsen. FRISKT skulle besøke Bømlo Fersk Fisk, men kom til låst dør…

Me kikka på klokka og lurte på om me hadde teke feil av tida. Eitt minutt for tidleg. Me kikka opp og i det same kom ein bil ned i «Vinsen» som det blir kalla på folkemunne. Astrid Rusten kom smilande ut av bilen:
-Beklagar eg er sein, eg kjem rett frå eit anna møte. Ho låser opp døra og loser oss inn i lokala medan ho fortel oss om bedrifta.

Ferske og lokale råvarer
Dei starta opp i desember og har fått ein god start på selskapet sitt, Bømlo Fersk Fisk AS. Dei opnar utsalet sitt fleire dagar i veka, og sjølv på ein dag det eigenleg er stengt, så opplever me mykje trafikk i dei tradisjonsrike lokala. Ein av dei som me møter er Bjarte Nordtun, ein lokal fiskar. Han har med seg fersk fisk til mottaket.
– Ja, dette syns eg er veldig kjekt, seier Bjarte. Han gler seg over at det er fiskemottak igjen i Melingsvågen. Nordsjø A/L hadde pakkeri og fiskemottak i dei same lokala, men det er 20 år sidan.

Avhengig av vatn
Astrid tek imot fisken frå Bjarte, ho veg den, og noterer i bøkene og på data­maskin. Så islegg ho fisken, og tek opp temaet som me er komne for å snakka om.
– Utan godt vatn hadde me ikkje klart oss, seier ho. Det er heilt kritisk for oss å ha tilgang på godt vatn, både for å produsera is, men også for å halda det hygienisk og reint rundt oss. Vatn er ein heilt grunn­leggjande føresetnad for drifta vår.

Lokale fiskarar
– Kor mange har de som leverer fisk til dykk? Astrid begynner å telja på lista si. – 23-24-25. Me har 25 lokale fiskarar som leverer fast til oss. Me ventar òg ein ny stor båt dei nærmaste dagane, som kjem med den største leveransen me har hatt her til no, seier ho. ‑ Til vanleg er det gjerne me damene som tek imot fisk, men då har me sagt at me treng hjelp frå mennene våre!

Firkløveret bak bedrifta
Dei er fire som står ilag om det nye fiskemottaket: Astrid Rusten og Eva Helen Mikkelsen Undheim har med seg sambuar og ektefelle Johnny Bø og Stein Arne Undheim. Dei to sistnemnde er fiskarar og står for ein god del av fangsten som vert selt.

Bestselgarane
– Reke og torsk er det me sel mest av. Men me får også inn spesielle typar frå havet som akkar, steinbit og uer som ikkje er lett å få tak i, fortel Astrid.
Bømlo Fersk Fisk sel til privatpersonar som handlar på mottaket, og til faste kundar som Norhordland Fisk, Haaheim Gaard og Gamle Posten på Espevær. Dei sel også reke til lokalbutikkane, men når ryktet om fersk reke i Melingsvågen spreier seg, brukar dei å bli utselde veldig raskt. Då er det om å gjera å vera tidleg ute.

Førstemann til mølla
– På utsalsdagane er det førstemann til mølla som gjeld, så bømlingane må rett og slett stå i kø her hos oss.
Tidlegare så tok me imot bestillingar og reservasjonar, men etterspurnaden er blitt så stor at me ikkje lengre kan gjera det på den måten, seier Astrid.
Sjølv om det er reke og torsk det går mest av, så blir også dei meir spesielle fiskeslaga selde. Både lokale restaurantar og kokeglade bømlingar lagar til spenstige måltid.

Frå Stavanger til Bømlo
Kundane deira kjem frå Stord, Sveio, Stavanger og heile Bømlo.
– Ein gong kom det ein som hadde reist frå Stavanger i eit anna ærend, men han måtte sjølvsagt stoppa innom og handla fisk hos oss, ler ho.

Berre ein liten tur
– Ofte skal me berre ein snartur nedom, men det endar ofte at me blir her ein del timar, smiler Astrid. Som ikkje ser ut til å skulle kjøre heim igjen med det første.

Related Posts