Innlegg:

Vasstryggleik på Bømlo

Me i Bømlo Vatn og Avløp har siste veka fått fleire spørsmål om korleis vasstryggleiken er ivaretatt. Her er ei lita oversikt over det me gjer for å sikra trygt vatn på Bømlo.

Analyse av vatn
Vassprøvar: Her blir vatn frå Bømlo analysert. Foto: Vegard Røsland

Rutinemessige prøvar

Me tek rutinemessige prøvar av leidningsnettet og analyserer om lag 1.200 vassprøvar i året. Det vert levert om lag 10 vassprøvar kvar veke til eit uavhengig laboratorium, medan BVA analyserer om lag 10 vassprøvar sjølv. Prøvane vert tekne etter ein godkjent plan, både i vassbehandlingsanlegga og ute på distribusjonsnetta.

Produksjon og levering

På Bømlo har me overflatevatn som vasskjelder og det er tre ulike vassbehandlingsanlegg som leverer vatn. Desse er sikra etter gjeldande lover og reglar.

Vasskjeldene våre ligg lågare enn dei folkerike områda på t.d. Leite (ca 35 moh) og Rubbestadneset (50-80 moh). Det betyr at vatnet må pumpast opp til der folk bur, og rundt om i kommunen vår har me 11 ulike høgdebasseng («vasstankar»). Ingen av desse er fjellanlegg. Høgdebassenga er bygde slik at det er tilnærma konstant sirkulasjon i vatnet.

Ferskt vatn

På Bømlo er det to åtskilte distribusjonsnett som fører vatnet frå vassbehandlingsanlegga og ut til kundane. Det er eit som dekkjer søre del av kommunen (Langevåg og Espevær) og eit som dekkjer resten av Bømlo.

Vatnet som du tappar frå springen din heime er ferskvare, og har blitt produsert for mindre enn 36 timar sidan.

Oppgradert nett

Statsminister Erna Solberg sa til nrk.no at nordmenn må rekna med å betala meir for vatn og avløpstenester i framtida, på grunn av det store etterslepet på vedlikehald av kommunale vassforsyningsanlegg.

Sidan BVA blei etablert har det blitt investert over 270 millionar kroner totalt. Mykje av dette er knytt til Bømlapakken, men det er også gjort store investeringar av produksjonsanlegga, distribusjonsnettet og for å redusera lekkasjar. Nasjonalt gjennomsnitt på lekkasjar er rundt 30 %, medan det hos oss er på om lag 18%.

Framtidig investeringsbehov hos oss på Bømlo er knytt til forventa vekst i befolkning og industri. Dermed vert det auka behov for vatn, og naudsynte framtidige investeringar hos oss er ikkje etterslep på manglande vedlikehald.

Finnåsvatnet er ei av kjeldene som me får vatn frå på Bømlo. Foto: Vegard Røsland.

Slik reinsar me vatnet og leidningsnettet

Vatnet som blir levert på Bømlo frå BVA er reinsa gjennom ulike filter og er UV-behandla. Dersom du er interessert i korleis dette blir gjort, kan du sjå animasjonsfilmen om vatn som er laga til bømlaskulane.

På Bømlo har me har ingen asbestsementrøyr eller eternitrøyr, og me krev at alle tilkoplingar av røyr skal skje i vasskum.

Over tid vil det oppstå organisk materiale i vassleidningane, og desse kan gje farge til vatnet. Farga vatn kan vera ubehageleg, men det er ikkje farleg. Me reinsar leidningsnettet etter behov, og du kan lesa meir om korleis det vert gjort i artikkelen om «piggevogna» vår. 

«Smart» leidningsnett

Leidningsnettet vårt er delt opp i over 50 ulike soner, og produksjon og levering i desse sonene vert heile tida overvaka. Du kan lesa meir om dette i artiklane «Smart vatn», og «Finner vannlekkasjer raskere med maskinlæring» (vanytt.no).

Kva kan eg gjera?

Kontroller at du er oppført på bva.no/varsling slik at du får melding om det skulle oppstå ein situasjon der du bur.

Kan det skje hos oss?

Me veit per i dag ikkje kva som er årsaka til hendinga på Askøy. Heile VA-Noreg følgjer nøye med på både årsaker og kva som kan gjerast for å unngå slike hendingar.

Alle som driv med produksjon og distribusjon av vatn har ulike risikoar som må handterast. Uønskte hendingar kan også skje hos oss. Me i BVA analyserer og forbetrar difor anlegga og systema våre kvar dag, slik at me leverer trygt og godt vatn til bømlingane.

Related Posts