Innlegg:

Bømlavatnflaska med på tur

Bømlavatnflaskene minner oss om å drikka vatn, og at me har eit av Norges, og verdas beste drikkevatn i kommunen vår. Ta med flaska di på tur, send bilde til oss, og bli med i trekking av premie!

Flasker på tur
Desse flaskene har vore i Furuneset på Rubbestadneset, i Krakow og på Malaga. Kvar tek du med deg di flaske i sommar?

Fekk bilde i fjor sommar
I fjor sommar fekk me inn nokre bilde frå engasjerte bømlingar som hadde med seg bømlaflaska på tur. Dette var så kjekt, at me gjerne vil sjå kvar du tek med deg bømlavatnet i sommar. Kanskje til Hiskjo, Slåtterøy eller Moskva? På telttur, busstur eller båttur – vatn må du ha uansett.

Trekking av premie: Bømlagåvekort
Dei kjekkaste bidraga som vert sendt inn, blir med i trekkinga av eit bømla­gavekort på kr. 5.000. Du kan senda inn bilde frå du les dette, og heilt til skulane startar opp igjen i august. Send inn ditt bidrag på e-post til ­
bilde@bomlavatn.no eller til oss på Messenger (@bomlavatn). Innsendte bidrag kan bli publisert på BVA si Facebookside og bva.no.

Har du ikkje flaske? Kom innom til oss!
Barna som har gjennomført undervisningsopplegg om vatnet på Bømlo, har fått bømlavatnflaske på skulen. Også vaksne kan få flaske, det er berre til å komma innom lokala våre i Hollundsdalen, så får du ei heilt gratis!

Related Posts