Vinnarbildet kåra

Vinnarbildet kåra

I sommar har me hatt fotokonkurranse og det kom inn om lag 80 bilde frå både inn- og utland.  Vinnarbildet var det Gunhild Meling som knipsa. Serina (1 1/2 år) står utanfor ei tømmerhytte som truleg er frå 1600-tallet, på Mjonøy i Vinje kommune. Flaska vart fylt opp av friskt Bømlavatn før dei la på veg over fjellet. - Eg såg i FRISKT at eg kunne få Bømlavatnflaske, så eg stakk innom hos BVA i sommar, seier Gunhild. - Dette er første gongen eg deltek i ein fotokonkurranse, så det var ekstra kjekt å vinna! Me gratulerer Gunhild med vinnarbildet, og…
Les meir
– Utan vatn blir me slitne

– Utan vatn blir me slitne

Bømlo MJ9: Bak f.v. Regine, Anna, Sandra, Alessia-Maria og Senay. I midten Lina Anneli og Josefine. Framme Randi. – Me blir trøytte og slitne om me ikkje drikk vatn når me spelar kamp. Reint vatn er det viktigaste i livet, og det er sunt og godt, fortel jentene. Må drikka nok vatnDå me møtte dei var det fotballkamp mellom Bømlo og Moster på Langvåg. På banen spring åtte glade og energiske jenter.Dei er midt i oppvarminga, og på kampdag er det ein ting dei ikkje gløymer:– Me må drikka masse vatn! Drikk me ikkje vatn når me spelar kamp, blir det ein…
Les meir

Stenging Aga torsdag 5. september

På grunn av arbeid på vassledning på Aga, blir vatnet stengt torsdag 5. september mellom klokka 08.30 og 14.30. Stenginga gjeld berre bygningar i det skraverte området på bilete. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. Beklagar ulempene dette fører med seg.
Les meir

Ledningsbrudd Aga torsdag 29. august

På grunn av leidningsbrudd på Aga , blir vatnet avstengd til skaden er utbetra. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. For spørsmål, ta kontakt på vakttelefon 534 28 845.
Les meir

Stenging Hamnavegen på Folderøy – fredag 30. august

På grunn av arbeid på vassledning i Hamnavegen, blir vatnet stengt fredag 30. august 2019 mellom kl 0900 og 1100. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. Beklagar ulempene dette fører med seg.
Les meir

Stenging Sele tirsdag 27. august

På grunn av arbeid på vassledning på Sele, blir vatnet stengt tirsdag 27. august 2019 mellom kl 08:30 og 14:30. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. Beklagar ulempene dette fører med seg.
Les meir

Stenging Grønås torsdag 22. august

På grunn av arbeid på vassledning på Grønås, blir vatnet stengt torsdag 22. august 2019 mellom kl 08:30 og 14:00. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. Beklagar ulempene dette fører med seg.
Les meir

Stenging Grønås onsdag 21. august

På grunn av arbeid på vassledning på Grønås, blir vatnet stengt onsdag 21. august 2019 mellom kl 08:30 og 14:30. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. Beklagar ulempene dette fører med seg.
Les meir
Vatn – ei mangelvare?

Vatn – ei mangelvare?

Det er nok ferskvatn på jorda til alle, men likevel manglar over to milliardar menneske tilgang på reint vatn heime. Då me fekk kokevarsel på Bømlo for nokre år sidan blei kvardagen vår med eitt litt meir tungvint. Eit kaldt og leskande glas vatn blei brått ikkje så tilgjengeleg - det måtte jo både kokast og kjølast ned igjen. Heldigvis var det «falsk alarm» og kokepåbodet blei oppheva etter nokre dagar. Dagleg kampFor mange lokalsamfunn i verda er ikkje tilgangen på reint vatn eit praktisk problem som går over, men ein dagleg kamp for liv, helse og vekst. Fleire døyr…
Les meir
Då Magda vaks opp var vatn var tungt arbeid

Då Magda vaks opp var vatn var tungt arbeid

Magda Økland har fylt 99-år, men hugsar godt korleis det var med vatn og avløp i gamle dagar. Vatn. Det er lett tilgjengeleg overalt. Me opnar kranen og det friske Bømlavatnet berre renn ut. Slik var det ikkje før. Då Magda vaks opp var vatn tungt arbeid. – Me hadde to vasskjelder heime på garden på Hiskjo, fortel Magda. Ei «matkjelde» og ei «fjos­kjelde», men det var sjeldan me brukte fjoskjelda. Me hadde takrennevatn og ein stor tank som dyra våre fekk vatn frå. Var det tørt lenge, så måtte me bera vatn til dei frå fjoskjelda. Måtte i båt for…
Les meir