Innlegg:

Vatn reinsa gjennom stein

Du veit korleis eit kaffifilter ser ut, og du veit kanskje at bilen treng å bytta oljefilter på service. Men kva filter er det som reinsar vatnet vårt?


Bømlavatnflasker fylte med tre ulike samansetningar av filtermasse.

Frå gulbrunt vatn til friskt Bømlavatn
Vatnet som kjem inn på vassbehandlingsanlegga har ein ulekker farge – berre sjå på bildet under. Det må reinsast, og på Bømlo reinsar me gjennom filter og desinfiserer med UV-lys.


Vatn før og etter reinsing på eit av vassbehandlingsanlegga til BVA.

Filtermassen må vaskast
Etter at ei viss mengd vatn har rent gjennom filteret vert det tett. Då må det spylast og det blir difor brukt reint vatn til å vaska filteret med. Me spyler så lite som mogelg og så ofte som nødvendig. Denne prosessen er automatisert, så det går på kvaliteten i vatnet, og ikkje berre etter ei fastsett tid.

Byttar filtermasse
Innhaldet i vassfiltera på Bømlo er ulike mineral og bergartar: antrasitt (kol), kvarts, marmor og singel. Det siste halvåret har me i BVA gjort forsøk med å bytta ut det øvste laget med ein ny type, som liknar på lecakuler. Dei har mykje større overflateareal og kan difor ta til seg mykje meir humus og alt anna me ikkje ønskjer å ha i drikkevatnet vårt.

Sparar straum og vatn
Forsøka har vore vellykka og har auka tida mellom kvar spyling frå ca 20 timar til over 50. Dersom dette fungerer på alle reinseanlegga betyr det at produksjons­kapasiteten aukar og BVA sparar både straum og vatn.
Med andre ord: Me kan laga meir friskt Bømlavatn, for mindre ressursar.

Related Posts