Innlegg:

Styreleiarbytte

Terje Gilje har vore styreleiar i BVA sidan 2010. Han er no pensjonist og generalforsamlinga har valgt Gitte Gard Talmo til ny styreleiar.
Bilde av Gitte Gard Talmo,
Bilde av Gitte Gard Talmo, ny styreleiar i BVA. Foto: Privat

Vassvant kvinne
«FRISKT» slår på tråden og det er ei trivelig og travel kvinne som svarar. Gitte Gard Talmo bur på eit småbruk på Langevåg saman med døtrene sine, hestar, høner og hund. Til dagleg jobbar ho som marknadsdirektør i Eidesvik, der fokuset hennar er å skaffe nye kontraktar for hjørnesteinsbedrifta. Ho er dermed godt vant med vatn, men då helst som transportveg. Gitte har tidlegare erfaring med styreverv frå mellom anna Bømlo Næringsråd ogLangevåg idrettsbygg.

Framoverlent organisasjon
– Eg sa ja til å bli styreleiar i BVA ut frå det inntrykket eg har gjennom å snakka med folk, lese i «FRISKT», på nettsida og i årsmeldingar, seier ho. BVA framstår som ein profesjonell organisasjon, har lågt sjukefråvær og ei stabil leiing. – Eg likte ærleg godt å lese om driftsoperatørane og andre tilsette i BVA som brenn for jobben sin, og som nyttar ny teknologi for at me skal få best mogeleg vatn og avløp for pengane på Bømlo, seier Gitte.

Styreleiar gjennom åtte år
Gitte seier ho er audmjuk til oppgåva ho har fått, og at ho ikkje tek lett på vervet. Aller først vil ho vil bruka god tid til å bli kjent med dei tilsette og tidlegare styreleiar Terje Gilje, for å sjå kvar skoen faktisk trykkjer. Terje har vore styreleiar i BVA i åtte år og seier mykje interessant har skjedd på den tida. Dei to største områda har vore arbeidet med Bømlopakken og lekkasjereduksjon.

Strategisk arbeid
– Bømlopakken gjorde at me endra planane og auka investeringstakten betraktelig, seier han. – Det er viktig at me er på, når moglegheitane byr seg. Arbeidet med å få ned lekkasjedelen starta allereie før Terje kom inn som styreleiar og er eit resultat av strategisk og målretta arbeid gjennom mange år.

Dyktige tilsette og stabilt styre
– BVA er eit veldrive selskap med eit viktigsamfunnsansvar, held han fram. – Både privatpersonar, det offentlege og næringslivet stolar på at me kan levera. Særleg fiskeindustrien treng mykje vatn med høg kvalitet. Han seier BVA har klart dette sidan ein har dyktige tilsette og eit stabilt styre. Terje avsluttar intervjuet med å ønskje den nye styreleiaren lukke til med vervet og oppgåvene som ligg føre.

Related Posts