Innlegg:

Reisa i avløpsnettet

Pumpestasjonen i Brubakken, Innvær. Foto: Vegard Røssland

Kva skjer i reisa i avløpsnettet? «FRISKT» var med Svein Arild på jobben for å læra om og sjå kva som skjer når kloakken og avløpsvatnet tek til på si reise i det offentlege avløpsnettet på Bømlo.

Ute av syne, ute av sinn?
Heldigvis slepp me å gå rundt å tenkje så mykje på kva som skjer med kloakken etter den har forlete huset vårt. Det er her Svein Arild Madsen kjem inn med sin kunnskap og kompetanse, for det er han og kollegaene hans på BVA som gjer at me kan frigjera tankane våre til andre, mykje kjekkare syslar.

Under overflata
Under føtene våre blir det pumpa ei vannvittig mengd avfallsvatn og kloakk i røyr som strekkjer seg heile 153.290 m rundtom på Bømlo. Pumpene i det offentlege avløpsnettet pumpar jamt og kontinuerleg, dag og natt. Dei pumpar alt me skyl ned i toalettet frå pumpestasjon til pumpestasjon.

Ei lang reise

Reinseanlegget på Nesse.
Foto: Vegard Røssland

Råkloakken blir pumpa til dei ulike pumpestasjonane til BVA der det blir pumpa vidare ut til endestasjonane. Nokre stader er avløpsvatnet innom heile 7 av dei 48 pumpestasjonane me har på Bømlo, før det kjem fram til næraste reinseanlegg som siste destinasjon.

På bilete til høgre ser me den største septiktanken og pumpestasjonen på Bømlo. Den ligg på Nesse, tek 600 000 liter råkloakk og er delt i to med seks kammer for nedfall og eit utløpskammer for avløpsvatn. Heile reinseprosessen skjer utan at det blir tilsett kjemiske middel. Det er ein mekanisk prosess som set i gang naturens eigne kjemiske prosessar med forråtning av slammet. Røyra kjem inn til reinseanlegget der råkloakken kjem inn til det første kammeret.

Der fell dei tyngste partiklane ned i kammeret medan avfallsvatnet går vidare til neste kammer. Denne prosessen blir gjentatt i dei tre kammera vatnet går gjennom før det blir sluppe ut i havet, ferdig reinsa.

Går avløpsvatnet altså rett i havet?
Ja, havet er mottakar for det ferdig reinsa vatnet som blir ein del av naturen att og gjer at det blir ei naturleg gjødsling i havet Det er difor viktig at me som forbrukarar berre kastar nedbrytbart materiale i do. Dersom me kastar andre ting – som til dømes q-tips, plast og våtserviettar så blir ikkje dette stoppa, fordi det er så lett at det flyt. Det går faktisk rett i sjøen!

Me kastar ikkje q-tips, våtserviettar og plastikk i sjøen når me er på holmatur. Men om me kastar det i do, så vert konsekvensen akkurat den same. Så neste gong me er på strandrydding så er det gode muligheitar for at det er våre eigne q-tipsar som me plukkar opp – eller som hamnar i magen på fisk og dyr som lever i havet.

Kor reint er vatnet når det blir ført ut i havgapet?
«FRISKT» stikk nasa ned for å sjå i utløpskammeret der vatnet fossar ut i naturen att. Det ser reint ut, og me lurer på kor reint det er. Dei tek jamlege prøvar av vatnet for å sikre slamflukt, slik at det ikkje følgjer slam med ut i havet. Så det er ganske reint. I blant blir det teke prøvar av sjøen ved utsleppsområdet i havet for å sikre at verdiane er gode.

Slammet blir tømt
Det som ligg att i dei tre kammera vert kalla slam og SIM sine entreprenørar hentar slammet på same måte som dei gjer i private septiktankar, ved å suge det opp. Sist tømming vart det tømt 160 tonn med slam frå denne stasjonen. Reinseanlegget blir tømt tre gonger i året.

Related Posts