Innlegg:

Privat vasskjelde?

Mattilsynet skal no ha oversikt over vasskjelder som forsyner meir enn ein husstand. Sjølve re­gi­st­reringa er kjapt gjort.

Mange på Bømlo med eigne kjelder
På Bømlo leverer BVA vatn til om lag 93% av bømlingane. Resten har private kjelder, enten det er frå brønnar, tjern eller grunnvatn. Kvaliteten på dette vatnet kan vera varierande, og kommunane har heller ikkje hatt noko felles oversikt over kvar husstandane får drikkevatnet sitt frå.

Pålagt god kvalitet
Når minst to husstandar deler på eit privat anlegg, vert det kalla for eit «lite vassforsynings­system». Også hus med utleigedel er to husstandar. Anlegga er no pålagt registrering og det er krav om prøvetaking av drikkevatnet. Dette er for å sikra tilstrekkeleg kvalitet på vatnet, slik at ein ikkje blir sjuk.

Fleire fordelar
Astrid Dale i Mattilsynet i Sunnhordland seier at det på Bømlo er registrert 5 små vassforsyningssystem, og på landsplan er det nesten 3000.  Med å få alle kjeldene registrert får kommunane ei heilskapleg geografisk oversikt og kan ta hensyn til vassforsyningsanlegga i areal­planlegging av området rundt kjeldene. Kommunane får vurdert drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt og Mattilsynet kan sjå til at drikkevasshensyn vert ivareteke.

Privat eigarskap og ansvar
BVA har ansvar for det offentlege nettet på Bømlo. Private vass­forsynings­system er det den enkelte eigar som står ansvarleg for. Mattilsynet er tilsynsmynde, og Astrid seier dei gjerne rettleier eigarar som har spørsmål.

Enkelt å registrera seg
– Fristen for registrering var satt til 1. juli i fjor, sier Astrid. – Men om det er nokre som ikkje har fått registrert seg enno, så ber me dei gjere det snarast. Det er nok ikkje alle som har fått med seg kravet om registrering, og det blir ikkje noko form for reaksjon sjølv om ein er seint ute.

– Det er eigar av vassforsyningssystemet, t.d. ein brønn, som er ansvarleg for at registreringa vert gjort, seier ho. – Registreringa gjer du i løpet av nokre minutt, medan du sit i godstolen. Skjemaet finn du på mattilsynet.no, og det er enkelt og mobiltilpassa. Der registrerer du plasseringa til vassforsyningssystemet i eit kart og svarer på nokre spørsmål. Det er viktig at alle registrerer seg, slik at Mattilsynet får oversikt over dei livs­viktige drikke­vass­kjeldene.

 

Related Posts