Innlegg:

Oftare rekning, med lågare beløp

Rekninga for vass- og avløpstenester kjem no ein gong i månaden, i staden for ein gong i kvartalet. Det betyr at innbyggjarane på Bømlo får lågare beløp på kvar faktura. Mange vil oppleve det som meir forutsigbart og enklare å forholde seg til.

Ingen ekstra kostnad i omlegginga

-Det vil ikkje bli noko ekstra kostnad for kundane våre i omlegginga, seier Jorunn A Habbestad, kontorleiar i BVA.

Vass- og avløpsgebyret er det kommunestyret som vedtar, og ein kan lese om gebyrsatsane på BVA si heimeside: bva.no/nyttig-info/gebyr.

Første rekninga blir sendt ut 31. januar og har forfall 1. mars.

Ein kan unngå papirfaktura

Om ein ikkje ønskjer papirfaktura i posten, så kan ein opprette e-faktura i nettbanken sin. E-fakturareferansen er det femsifra kundenummeret ein allereie har hos BVA.

Dei som ønskjer faktura på papir vil framleis få denne i posten som før.

Lyttar til kundane

Årsaka til endringa er at mange kundar har teke kontakt med oss og sagt at dei heller vil betale eit lågare beløp oftare, enn å få vass- og avløpsrekninga som ei «overrasking» kvar tredje månad. Me er vant med å betale løpande abonnement månadleg, slik som straum- og mobilrekningar. Omlegginga er for å gjere det meir forutsigbart for kundane våre.

Related Posts