Innlegg:

I dag er det Verdas vassdag!

         

Avløpsvatn: Betre enn sitt rykte!

Avløpsvatnet vårt kan både vera eit forureiningsproblem og ein verdifull ressurs. I Bømlo kommune og BVA satsar me på ressursdimensjonen!

22.mars markeres Verdas vassdag over heile verda som ein offisiell FN-dag sidan 1993. Temaet for Verdas vassdag i 2017 er «avløpsvatn». Avløpet frå våre vaskar, toalett, dusjar og så vidare er ikkje det som normalt får mest merksemd i den offentlige debatten eller i samtalen rundt middagsbordet. Men no vil altså FN at me skal ta avløpsvatnet vårt meir på alvor. Det vil me i BVA også. Kvifor det?

Avløp som problem

Eit av FNs bærekraftmål for 2030 er å sikre tilgang til og bærekraftig forvaltning av vatn og sanitær for alle. Det er ein lang veg å gå før ein når dette målet. I følge FN går heile 80 % av avløpsvatnet ureinsa ut i naturen, og så mange som 2,4 milliardar menneske har ikkje tilgang til tilfredsstillande sanitærforhold. Dette fører til store helse- og forureiningsproblem.

Mange land har behov for formidable investeringar i avløpsanlegg for å hindra sjukdomsspreiing og skade på naturmiljøet. Befolkninga i Noreg tilhøyre mindretalet i verda som har fungerande avløpstenester, men også her på berget må me gjere ein jobb. Me må i åra som kjem investere betydelige summar i avløpsanlegga i takt med befolkningsutviklinga, for å kunne takle meir ekstreme nedbørhendingar som følge av klimaendringane og for å fornye det omfattande leidningsnettet i eit forsvarlig tempo.

I Bømlo kommune har me ca. 150 km offentlige avløpsleidningar og i overkant av 20 stk. offentlige utslepp. Ved alle utslepp har me slamtankar der all slam blir levert til SIM i Svartasmoget på Fitjar for kompostering. Dei siste åra er det fokusert meir og meir på avløpssida for å skifte ut dårlige avløpsleidningar og pumpestasjonar som ikkje klare halde dagens krav i forhold til kapasitet og HMS.

Avløp som ressurs

FN ønsker også å nytte Verdas vassdag til å vise dei store muligheitene som ligg i ein betre nytte av ressursane som finnes i avløpsvatnet. Me kan nemlig utnytte avfallsstoffa, vatnet og energien i avløpsvatnet atskillig betre enn i dag, i tråd med prinsippa i den sirkulære økonomien.

I vassfattige land arbeidas det mykje med å utnytte avløpsvatnet til nye formål, som vatning i landbruket. Nokre storbyar arbeider med å innføre system der ein bruker regnvatn og deler av avløpsvatnet til toalettspyling, vatning og bilvask, mens det berre er ein liten del som reinses til drikkevasskvalitet.

I Noreg har me som regel bra med vatn, men me kan utnytte avløpsvatnet som ein ressurs på andre måtar. Det er mykje fosfor i avløpsvatn og derfor viktig å sørge for at denne knapphetsressursen tilbakeføres kretsløpet og gir ny plantevekst. I Noreg gjenbrukas så mykje som 85-90 % av slammet frå reinseanlegga i jordbruket og på grøntarealer etter at det har gjennomgått grundig behandling og kvalitetskontroll. Me kan også produsere rein energi ved å hente ut varmen i avløpsvatnet gjennom varmepumper og ved å produsere biogass av slam.

I BVA leverte me i 2016 ca. 740 tonn med slam til kompostering. Målet vårt er å auke denne mengda i takt med auka tilknytingar og halde oss godt innanfor krava til mengde utslepp frå dei offentlige utsleppsanlegga.

Ha ein strålande god vassdag (og avløpsdag)!

Related Posts