Innlegg:

Bømlo sine «modige val»

– Me har vore ein foregangskommune når det gjeld installasjon av moderne kloakkpumpestasjonar, seier Odd Petter Habbestad.

BVA har mange kloakkpumpestasjonar rundt om kring på Bømlo.Her frå Stongarvågen på Rubbestadneset.

I 2003 var det 22 kloakkpumpestasjonar på Bømlo, medan det i dag er over førti. Alle er skifta ut eller nye. Tidlegare brukte ein dykkarpumper, med mykje skit, dårleg HMS og mykje lukt. Med dagens pumpestasjonar og reinseanlegg slepp dei tilsette faktisk å vere borti kloakken i det heile.

– Me har rett og slett bygd oss vekk frå å måtte jobbe i kloakken. Me har bytta ut rubbel og bit av pumpestasjonar og har fått mykje igjen for dei valga me har tatt. No har me eit svært moderne anlegg, seier Odd Petter.

Men det var ikkje sjølvsagt at det skulle gå slik. BVA var ein av få som har satsa på denne typen pumpestasjonar. Dei er dyrare i innkjøp enn «vanlege» system og det mangla ikkje på åtvaringar, både frå leverandørar og elles i bransjen.

Med eit sterkt fokus på både kva som er lønsamt over tid og for arbeidsmiljøet til dei tilsette, så valde ein tørroppstilte pumpestasjonar – og har ikkje angra på det!

Related Posts