Innlegg:

Beste vatn i vest!

Bømlavatnet er friskt, reint og godt – og no er det kåra til det beste vatnet på Vestlandet!


Dei tilsette i BVA syter for at alle som er tilkopla det offentlege vassnettet alltid har friskt Bømlavatn tilgjengeleg.

I september 2018 kåra ein uavhengig jury vårt vatn til det beste på Vestlandet i klassen for overflate­kjelder. ­ – Dette er veldig kjekt! Me jobbar kvar dag for å levera god kvalitet på vatnet, seier dagleg leiar i BVA, Audun Halleraker. Det var 14 vassverkskandidatar frå Vestlandet som deltok i landsdelskåringa av «Norges beste drikkevatn». Konkurransen er arrangert av Norsk Vann og Norsk kommunalteknisk forening.

Tett i teten
Juryformann Johan P. Nilsen seier til kommunalteknikk.no at det var veldig godt drikkevatn hos alle kandidatane. Sjølv om det var veldig jamn konkurranse blant kandidatane på overflatevatn, så var det ein einstemmig jury som kåra Bømlavatnet til vinnar.

Bømlavatn er ferskvare
Vatn er ferskvare og er ute hos kundane våre i løpet av 14-35 timar etter det er produsert. Det er den same, høge kvaliteten anten me drikk det, dusjar i det eller vaskar terassen med det. Drikkevassforskrifta set strenge krav til korleis kvaliteten skal vera på godt drikkevatn. Vatnet BVA leverer tilfredstiller desse krava, og det vert årleg teke kring 1.200 prøvar av vatnet rundt om på utvalde stader på leidningsnettet til BVA.  Prøvane blir analysert av uavhengig laboratorium for å avdekke eventuelle feil med vasskvaliteten. Så vatnet du får i springen frå BVA er trygt og godt.

Landsfinale
Den 5. mars tek BVA med seg Bømlavatn til den store landsfinalen for å konkurrere om tittelen «Norges beste drikkevatn». Her møter Bømlavatnet 8 kandidatar som har vunne prisen i sin region. Då skal ein kjempa mot vatn frå Bykle på Sørlandet, Høyanger i Sogn, Surnadal på Nordmøre, Frøya i Trøndelag, Alstahaug og Vågan i Nordland, Skåbu i Oppland og Skullerud i Oslo.


Dagleg leiar i BVA, Audun Halleraker. 

Trur på Bømlavatnet
– Det er tøff konkurranse, og mange jobbar hardt for å levera det beste vatnet i landet, seier Audun. Han er ikkje i tvil om at Bømlavatn kan vera i toppsjiktet også på landsbasis, men presiserer at det viktigaste for BVA er at kundane er fornøgd med vatnet dei betaler for.  – Det er kundane våre me jobbar for, og tilbakemeldingar tyder på at bømlingane er nøgd med vatnet. Denne kåringa tek me med oss vidare som ei fjør i hatten og ein klapp på skuldra. – Eg er stolt over gjengen i BVA, og jobben dei gjer, avsluttar han.

Related Posts