Innlegg:

Badar i Bømlavatn

«FRISKT» tek turen til rådhuset for å slå av ein prat med kommunalsjefen for oppvekst, kultur og idrett, Bjørn Håvard Bjørklund. Han strålar når me kjem.

– Me har Sunnhordlands flottaste badeanlegg på Bømlo! smiler han. Det er tydeleg at bassenganlegget er eit kjekt prosjekt å jobba med.

Lærer av andre
Når ein byggjer og skal drifte eit basseng, så er det mykje å setje seg inn i. Bjørn Håvard seier dei har vore på besøk hos andre, t.d. Vossabadet og Tysværbadet, for å læra kva ein kan gjera feil – og kva andre har hatt suksess med. Slik kan me få eit anlegg som er billigare, enklare og tryggare i drift.

Tilset fire årsverk
Det er kommunestyret som vel driftsmodell for badet, og det er foreslått tre prioriterte område: symjeopplæring i skulen, folkehelse og å byggje eit idrettsmiljø for symjing. For å få dette til blir det tilsett ein leiar for Bømlo symjehall, og tre årsverk med badevertar.

Publikumsbading
Bjørn Håvard seier at bassenget kjem til å vera ope heile året, men sannsynlegvis med litt redusert tilbod på sommaren. Årsaka er at hovudprioriteringa er symjeopplæringa i skulen. Dersom det går som planlagt, vil det bli opningstid for publikum kvar ettermiddag/ kveld og også morgonsymjing ein eller fleire gongar i veka. Kanskje vert det så mange som 20.000 badande i året. – Dersom kommunestyret vil, så blir det lagt opp til låg brukarbetaling, og det blir mogleg å kjøpe både årskort, sesongkort, klippekort – og sjølvsagt enkeltbillettar, seier Bjørn Håvard.

Eit internt vasskrinsløp
Vatnet i bassenga går i eit krinsløp, der det blir teke ut, reinsa og tilført i bassenget att. Derfor treng ein lite tilførsel av nytt Bømlavatn, under maksimal drift blir berre om lag 5% av vatnet fornya dagleg. For å sikra eit trygt basseng vert det teke både automatiske og manuelle vassprøvar kvar dag fortel Vardan Vardanyan i Teknisk drift.

Mykje vatn!
Totalt er det over ein million liter vatn i anlegget til ei kvar tid, og driftsleiar Odd Petter Habbestad seier at det ikkje har vore noko problem for BVA å levere denne mengda. Sidan det er relativt lite nytt vatn som blir tilført dagleg, er det heller ikkje noko problem med å få levert nok vatn til drifta av bassenget.

To basseng med god temperatur
I Bømlo symjehall blir det to basseng, eit opplæringsbasseng på 12,5-meter og eit konkurransebasseng på 25 meter. Det store bassenget tilfredsstiller krava Norges svømmeforbund stiller til formelle symjekonkurransar, det har elektronisk tidtakingssystem, og det er ein romsleg tribune med plass til mange tilskodarar. Temperaturen i bassenga er litt høgare enn «vanleg»; 32 grader i opplæringsbassenget og 29 grader i 25-metersbassenget.

Related Posts