Innlegg:

Verdens vassdag 22 mars: Vann og likestilling

22. mars markerer Verdens vassdag over heile verden. Dagen ble etablert av FN for å sette søkelys på kor viktig vatn er, og på utfordringane mange framleis har med å få tilgang til trygt drikkevatn. Årets tema er vatn og likestilling.

For mange av oss i Norge er reint vatn noko me knapt tenker over. Me skrur på kranen, og vatnet er der, er klart til å drikkes, lage mat med eller ta en dusj. Men globalt er verkelegheita ein helt annan. I mange deler av verden er det framleis kvinner og barn som har ansvaret for å hente vatn til familien, ofte fleire kilometer unna heimen. Verdens vassdag minner oss om kor viktig denne ressursen er, også her i Norge.

Når store deler av dagen går med til å hente vatn, går det utover både skulegang, arbeid og moglegheita til å delta i samfunnet på lik linje med andre. Derfor handlar tilgang til vatn ikkje bare om helse og hygiene, det handlar også om likestilling og moglegheiter.

Samtidig er det lett å gløyme kor mykje vatn me faktisk brukar. Ifølge Norsk Vann bruker me i Norge i gjennomsnitt omtrent 140 liter vatn per person kvar einaste dag.

For å sette det i perspektiv: 140 liter tilsvarer 14 bøtter på 10 liter.

Tenk deg at du måtte bære disse bøttene sjølv kvar dag. Og ikkje bare for deg sjølv, men for heile familien. Det er kvardagen for millionar av menneske rundt i verden.

I BVA jobbar me kvar dag for å sikre innbyggarane trygt drikkevatn og gode vass- og avløpstenester. Ledningsnettet vårt gjer at vatnet kjem rett heim til oss utan at vi trenger å tenke over jobben som ligger bak.

På Verdens vassdag kan det være verdt å stoppe opp et augneblikk og reflektere over nettopp dette: Kor mykje vatn me brukar, kor lett tilgjengeleg vatnet er og kor annleis kvardagen kunne vært utan.

Rent vatn er en sjølvfølge for oss.
Men globalt er vatn framleis ein ressurs som mange må jobbe hardt for å få tak i.

Du kan lese meir om Verdens vassdag her: World Water Day | United Nations

Related Posts