Idiotiske vatningsforbod!

Idiotiske vatningsforbod!

BVA er ofte på denne tida av året ute med varsel om vatningsforbod. Av og til kan det være vanskeleg å forstå kvifor forbodet er her: Vassmagasina er fulle og det er meir enn nok vatn! Men produksjonskapasiteten til BVA blir brukt opp om mange vatnar plen eller blomar ved hjelp av hageslangen eller vasspreiaren på same tid. Når forbruket er større enn det me klarer å produsere så vil vatnet til bruk både for industrien og brannberedskap forsvinne. Av den grunn må me i BVA gå ut med vatningsforbod. Om du brukar vasskanne så må du gjerne vatne både…
Les meir
I dag er det Verdas vassdag!

I dag er det Verdas vassdag!

          Avløpsvatn: Betre enn sitt rykte! Avløpsvatnet vårt kan både vera eit forureiningsproblem og ein verdifull ressurs. I Bømlo kommune og BVA satsar me på ressursdimensjonen! 22.mars markeres Verdas vassdag over heile verda som ein offisiell FN-dag sidan 1993. Temaet for Verdas vassdag i 2017 er «avløpsvatn». Avløpet frå våre vaskar, toalett, dusjar og så vidare er ikkje det som normalt får mest merksemd i den offentlige debatten eller i samtalen rundt middagsbordet. Men no vil altså FN at me skal ta avløpsvatnet vårt meir på alvor. Det vil me i BVA også. Kvifor det? Avløp som…
Les meir