BVA er ofte på denne tida av året ute med varsel om vatningsforbod. Av og til kan det være vanskeleg å forstå kvifor forbodet er her: Vassmagasina er fulle og det er meir enn nok vatn! Men produksjonskapasiteten til BVA blir brukt opp om mange vatnar plen eller blomar ved hjelp av hageslangen eller vasspreiaren på same tid. Når forbruket er større enn det me klarer å produsere så vil vatnet til bruk både for industrien og brannberedskap forsvinne. Av den grunn må me i BVA gå ut med vatningsforbod.
Om du brukar vasskanne så må du gjerne vatne både blostrar og plen. Det fører til mykje mindre forbruk og gjer at både vasstrykk og mengde er på plass om det skulle skje ei krise.
For å vise dette har me fått laga ein animasjonsfilm. Me håpar denne på ein lettfattelig og litt morosam måte viser utfordringane BVA har ved stort forbruk av vatn.
BVA Vatningsforbod frå Synleg på Vimeo.