Innlegg:

Snodig, liten rakkar

Virus er veldig små (sokalla nanopartiklar) og har ei beskyttande feitt­kappe. Denne feittkappa taklar vatn ganske godt, men såpe øydelegg dei!

Grunnen til det er at såpe bind seg til feitt og smuss utanpå huda og gjer at det losnar. Når du fjernar dette, følgjer virus og bakteriar med. Du flyttar dei av hendene dine. For koronaviruset sin del, vil såpa også øydelegge feittkappa, og dermed viruset. Varmt vatn løyser også opp feitt og gjer såpa meir effektiv. Temperaturen i seg sjølv er ikkje høg nok til å drepa bakteriar. Når det gjeld virus drep ein ikkje dei, (dei lever jo ikkje) men dei blir øydelagte.

Koronaviruset blir også øydelagt ved høg konsentrasjon av sprit. – Så følg råda til ­helsemyndigheitene – vask hendene godt og lenge, eller bruk handsprit når ­vasking ikkje er mogleg.

Related Posts