Innlegg:

Nye vann og avløpsledningar frå Stokkabekkvegen til Ekornvika

BVA har nå i haust ferdigstilt prosjektet med nye vann og avløpsledningar frå Stokkabekkvegen til Ekornvika. I forbindelse med dette arbeidet var vegen ned til sjøen utvida og oppgradert.

Bakgrunnen for prosjekter var å skifte ut gammal dårleg vassleidning / kummar mellom fylkesveg og uti sjøen. Leidningsnettet er i tillegg dimensjonert opp for å ta høgde for auka forbruk i framtida og er ein del av ny overføringsnett Hollundsvatnet VBA og Åreid VBA. Ein anna positiv effekt av prosjektet er at området frå Mækjebakken og til kapellet i Folderøy får godkjent brannvassdekning (meir enn 20 l/sek. ).

Vedlagt er det fine bilder frå vegen etter at arbeidet er ferdig.

Arbeidet er utført av Engevik & Tislevoll AS og BVA takkar for vel utført arbeid og godt samarbeid.

Sjå kor fint det er blitt!

Related Posts